Om Bjørnøya Metar og Taf

Reinhard Mook stiller i dette innlegget spørsmål ved Metar og Taf.
Publisert Sist oppdatert

Det vêret som er relevant for landing og start av luftfartøy blir observert minst kvar time på landingsplassar og publisert som ein spesifikk pakke «Meteorological Aerodrome Report» (=Metar). Den venta gangen av de enkelte ledd i Metar blir varsla minst kvar tredje time, gitt ut som «Terminal Area Forecast» (=Taf). Internasjonale avtaler styrer de meteorologiske tenester på den enkelte lufthamn. Bjørnøya er ein internasjonalt avtalefesta vêr- og klima-stasjon, men ingen lufthamn. Jamvel har Meteorologisk Institutt tilbydd Metar og Taf for å dekkje behovet for vêrinformasjon, vesentleg for å vurdere risiko og tryggleik.

Arbeidet

Fleire av de observasjonar som inngår i Metar blir til automatisk. Det gjeld lufttrykk, vind, temperatur i luft og temperaturen når vassdampen blir til dogg. Vurdere skydekket, synsvidda og styrke i nedbøren kan framleis auga best, men godt hjelpte av instrumenter. Det er tale om data nytta til fleire formål enn Metar, registrert for å fylgje det pågåande vêret, lage ymse prognosar og dokumentere klimaet over tid. Ekstra arbeid er å pakke Metar og gjere produktet tilgjengeleg. Taf vil byggje på Metar, kunnskap om vêrtilhøvet og prognosar leverte av reknemaskin. Informasjonen blir tolka og bli tillempa til arealet av landingsplassen ved personleg tankearbeid og opparbeidd røynsle.

Behovet

Metar og Taf for Bjørnøya er tekne omsyn til i planlegginga av de fleste flygingar til mål godt nordafor Troms og Finnmark, sørover innafor Svalbard likeså. Informasjonen for Bjørnøya tillèt òg å slutte på vêrtilhøva over havet utafor. Taf fortel om gangen i kommande timar, i tilfelle å kunne lande på øya eller ei. Med det same det aktuelle vêret avvik frå det forventa, vil Taf etter faste reglar bli korrigert. I sum styrker Taf tryggleiken under operasjonane. Fisket òg har nytte av de på timen nøyaktige Taf.

Hittil er Metar og Taf for Bjørnøya blitt utarbeidd som vedvarande rutine, produkta vore tilgjengelege for alle interesserte. Men frå 16. desember 2024 vil berre aktørar i beredskap og redning kunne få Metar og Taf. Etter vinteren 2024/25 vil Taf ikkje lengre vere å få, berre Metar, berre ved behov hos berre beredskap og redning. Knappe pengar er grunnen til den innskrenka tenesta.

Den spesifikke vêr-informasjonen blir borte for behov hos ålmenta. Rommet for trygt å kunne handle i høve til vêret vil vere snevra inn.

Powered by Labrador CMS