LESERBREV:
«Berekraftig», kva tyder det?
Svalbardposten kunne den 5. november skrive at Longyearbyen lokalstyre (LL) skulle støtte opp om status «bærekraftig reisemål». Eigenskapen «berekraftig» er ofte omtala utan klår definisjon og sjeldan med kriteria ein kan måle.
Berekraftig er ein prosess som toler påverkande ytre krefter. Prosessen må ikkje gå i stå eller slå om i ei anna ny utvikling. Berekraftig inneber ein prosess som kjem attende til den opphavlege gangen når påverknaden tek slutt. «Berekraftig reisemål» kan tolkast i ymse retningar.
Alle menneske etterlet seg spor i landskapet og i naturen. Det er ikkje til å unngå. Kor sterke krefter, kor djupe og kor langtvarande spor ein tør utsette naturen for, vil svalbardmiljøloven vere mal for.
«Berekraftig» kan òg gå på handel og ytte tenester. Omsetnaden aukar med turismen. Paletten av ymse varer vert større for fastbuande òg enn om turistar ikkje kom. Men LL må syte for at gjestane ikkje frys og kan dusje, infrastrukturen er dimensjonert og tilboda er store nok. Ennå vil utslepp av CO2 lokalt langt overgå sluket av gassen.
LL vil måtte vurdere komplekse spørsmål om det skal stadfeste status som «berekraftig reisemål». Predikatet kan seie seg sjølv imot og difor vere ein utopi.