LEIAR
Velkommen (tilbake)
Staten har flytta statlege stillingar i Norsk helsenett og Forbrukertilsynet til Longyearbyen for å auke delen nordmenn. Kva med å heller bruke lokale og bustader til psykolog- og veterinærklinikk i Longyearbyen?
Måndag skal elevane trippe til skulen. Spente, glade, nervøse, kanskje med eit godt grep i ei vaksen hand. Forhåpentleg har mange «nye» klede, med ein ang av kjærleik etter barnet som brukte det før. Ein skatt frå Bruktikken, som arrangerte tilbake til skulen – bruktikk i Svalbardhallen i helga.
Nye fjes skal inn i kjende og ukjende stillingar i byen. Etter nokre veker blir det tydeleg kven som er nye fastbuande - ikkje berre turistar som susar forbi. Dei skal lære å beskytte seg mot isbjørn, at det lønner seg ekstra mykje med medlemskort på Svalbardbutikken om ein skal forsøke å leve sunt, at dei kan få bibliotekkort som gir tilgang på lukta av bøker også utanfor opningstida. At det yrer av tilbod i Svalbard Turn og kulturlivet. At me er avhengige av ildsjelane og håper det kjem nye krefter til. Gamle trenarar, musikarar og organisatorar har flytta til fastlandet. Kan og vil du noko, rekk opp handa. Mylderet av aktivitet og personressursar er noko av det som gjer Longyearbyen ekstra fint.
Men som me skriv i denne avisa, er me også ekstra sårbare. I ei årrekke har Svalbardposten skrive om ambulanseflyberedskapen til Svalbard. Temaet som har gått att, er ønsket om jetfly for å gjere ambulansebrua til fastlandet raskare og meir robust både med tanke på vêr og vekt.
– Det er komplett uakseptabelt og skandaløst at regjeringa og Helse Nord ikkje sørger for at Svalbard har døgnberedskap på jetfly, seier overlege Mads Gilbert til Svalbardposten denne veka.
Eit jetfly som delvis er finansiert av EU står i Tromsø, men er i praksis berre tilgjengeleg for Svalbard-oppdrag frå klokka 08 til 20. Om det blir døgnbemanna vil det styrke beredskapen så det monnar.
Helseministaren seier me må vera klare over kvar me bur. Det er me. Det kan ikkje brukast som argument for ikkje å gjere grep som kan sikre forsvarleg helsehjelp.
Også når det gjeld psykisk helse er Svalbard ekstra sårbart. Det er ikkje psykologteneste på øya. Dette er ennå eit tema som har vært løfta gong på gong. Svalbard er vilt og vakkert, men kan også vera einsamt og vanskeleg.
Dei siste vekene har me skrive at veterinærtenesta i Longyearbyen er sårbar, uregulert og kviler på skuldrane til to privatpersonar.
Staten har flytta statlege stillingar i Norsk helsenett og Forbrukertilsynet til Longyearbyen for å auke delen nordmenn. Kva med å heller bruke lokale og bustader til psykolog- og veterinærklinikk i Longyearbyen?
Det er nok for lokalpartia å ta tak når dei vaknar frå sommardvalen. Svalbard blir aldri kjedeleg.
God helg!
Line Nagell Ylvisåker
LES FLERE MENINGER HER:
-
LEIAR:
Me må nok tru på meir enn julenissen
-
KRONIKK
Hysteri om Kina i nordområdene
-
DEBATT:
– Fakta er at vi ikke har fått boliger gjennom Store Norske boliger på lang tid
-
Kronikk:
Kina undergraver norsk suverenitet på Svalbard
-
DEBATT:
Takk for svaret, Rune Midtgaard – men fakta alene løser ikke boligkrisen
-
Debatt:
Boligmangel i Longyearbyen
-
Diesel-lukt, kor ofte?
-
LESERINNLEGG:
Boligmangel i Longyearbyen – hvem tar ansvaret?
-
LESERBREV:
Biogass kan sikre stabil og utslippsfri kraftforsyning til «evig tid»
-
LESERBREV:
Svalbard Energi sitt «annus horribilis»