LEIAR
Å velje eller ikkje velje
Valet i Longyearbyen er heilt spesielt. Ikkje berre er datoen seinare enn på fastlandet, men forskrifta er også spesialskriven for oss. Longyearbyen er Noregs instrument for å hevde suverenitet over øygruppa. Delen utlendingar har auka raskt dei siste ti åra. No ligg den på kring 35 prosent. Verda er uroleg. I fjor vart valforskrifta endra. Styresmaktene i Oslo bestemte at berre dei av oss med norsk pass, eller ikkje-norske som har budd i fastlands-Noreg i minst tre år kan stemme til lokalvalet.
I eit innlegg i denne avisa fortel tyske Elke Morgner at ho først no verkeleg vart lei seg over dei nye reglane. Først no vart det heilt reelt at ho, etter å ha budd i Longyearbyen i 16 år, for første gong ikkje får stemme. «Det fremheves at ro og stabilitet på Svalbard er viktig for Norge, men ro og stabilitet går hånd i hånd med et velfungerende demokrati», skriv ho.
Fleire politikarar valde ikkje å stille til val den komande perioden med dei nye valreglane som grunngjeving. Mange sit med ei kjensle av maktesløyse. Etter at innlegget til Morgner vart publisert på Svalbardposten.no, har mange kommentert at dei ikkje vil stemme i år, som ei markering.
Men det er også ein stor gjeng som har bretta opp ermene sjølv om dei ikkje er samde i forskriftsendringa. For kva er alternativet? Kva vil ha skje om ingen vil snakke Longyearbyens stemme? Høgre, Venstre, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti stiller til val i år. I løpet av sommaren har partia pussa og spissa valprogramma sine. Førre veke var dei siste klare. To månader etter planen, men no er dei klare til valkamp. Ikkje berre mot kvarandre, men også mot at folk skal halde seg heime på valdagen.
I denne avisa fortel dei at dei kjenner på eit ekstra stort ansvar. Dei skal ikkje berre vera fokevalde for veljarane, men også for dei som ikkje kan stemme. Dei har blitt samde om felles køyrereglar for den komande debatten.
Dei skal snakke om sin politikk og sine folk. Dei skal ikkje gå til personangrep. Det er spesielt viktig no fordi dei veit det er ein frustrasjon at mange ikkje kan stemme sjølve.
Partia er samde om mykje, men det blir også mykje å diskutere framover som energi, og kven som skal eige den. Kva som skal prioriterast av infrastruktur og kultur, med ein stram økonomi. Korleis kan lokalpolitikarane vera med å redusere dei sosiale skilnadene i byen?. Og korleis skal Longyearbyen rigge seg når staten seier me ikkje skal vokse? Kven skal bli og kven skal ut? Og korleis skal dei rigge seg for å vera ei stemme for dei som ikkje kan stemme sjølve?
Svalbardposten skal bidra med å løfte fram lokalpolitikken, og røystene til dei som ikkje kan legge setel i urna. Under litteraturfestivalen måndag skal me leie ein samtale med listetoppane på Karlsberger. Der kan veljarane bli kjende med menneska bak politikarrolla. Neste veke skal me også publisere politikarportrett av dei fire. 28. september blir det stor valdebatt i kulturhuset. Me ønsker også sakleg, konstruktiv ordbryting i lesarbrevspaltene våre og tips frå dykk lesarar om kva saker og spørsmål me bør bryne politikarane på. Korleis skal me verne demokratiet og det gode i samfunnet i ei kaldare verd?
God helg!