Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Løft blikket

Evakueringa har starta. Dei som har fast opphald på øya har sett kursen sørover. Der kan dei klaga si naud til vener og kjente.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
16.12.2008 kl 11:20

Over at det ikkje har vore mjølk på butikken eit par dagar, og når ho er der er ho for dyr. På at husprisane er så høge, og leigeprisane endå høgare og på raudnebbternene som har erobra strandkanten. Kva hjelper vel eit par korger med stikker når dei legg egg akkurat der ein hadde tenkt å gå?

Det kan vera me treng hjelp for å sjå det gjennom tåka av nye reguleringar og lover og byråkrati og turistar og hus som sperrar for utsikten, men det gode liv er rett utanfor vindauga våre.
«Vi tiltrekkes av det grønne og av vann – miljøer som har gitt overlevelsesmuligheter helt tilbake til den tiden da vi utviklet oss som art. Å bruke sansene og kroppen ute i naturen gir glede. Ute i skog og mark henter vi den energi som vi trenger i en ellers stresset hverdag», skriv psykolog Kari Vigeland i ein artikkel om kva behov som utgjer fundamentet for eit godt og meiningsfullt liv. Og me ligg godt an her oppe for ho meiner at sjølvrealisering er viktig. Og friluftsliv med fysisk aktivitet og bruk av sansane. Tilfredsstilling og utforskartrong og det å vera nyfiken og å meistra utfordringar. Å realisera evnene sine.

Hjelpa kan vera nettopp å setja seg på flyet til fastlandet. Stå i kø for å få bagasjen. I kø for å gå på do, for å koma inn til byen og for å kjøpa mat. Til diskusjonar om kva sko ein skal ha på seg på byen, sminke, hårfarge og shopping. Til voksing av bikinikanten, solkrem og klamme prøverom. Til myggestikk, rennande auger og pollenallergi.

Det bør vera hjelp nok til å sjå at lukka er å skriva seg inn i turboka ved Ørneredet i Hiorthfjellet. Å padla til Grumant for første gong, eller å meistra turen frå Ymerbuka til Ny-Ålesund på ski. For nokon kan lukka vera late fluger på solvarme husveggar, om ein er kongeleg fins ho kan hende på Fredheim. Med kaklande gjess, men utan knatrande telelinser. Lukka kan vera så enkel som å ta ein gamal mauser på ryggen og setja seg på ein stein i fjellsida. Høyra suset og latteren frå alkekongane. Sjå på fastlandsflyet som fyk forbi og vera glad for at ein slepp vera med ned.

Ta på fjellsko og gå over tåka.

Siste nytt i Nyheter

Tidlig i dag morges ble det observert spor etter isbjørnbinna og de to ungene hennes ved Unis, helt inne i byen. Klokken 6.15 er de observert ved Endalen, litt utenfor tettbygd strøk.

Vellykket aksjon

Isbjørnene er nå jaget forbi Longyearbyen og ut mot Revneset ved hjelp av sysselmannens helikopter, assistert av isbjørnsforsker Jon Aars.

Vil drive binna forbi Longyearbyen

Sysselmannen har etter møte med Norsk Polarinstitutt bestemt seg for å lede isbjørnbinna med de to ungene i retning Revneset.

Ingen post og ingen gjester

Dagens SAS-fly er kansellert og postflyet måtte gjøre vendereis. Norwegian måtte også kansellere sin flyvning.

Vender stadig tilbake

Isbjørnbinna med de to ungene næmer seg Longyearbyen igjen. Sysselmannen bruker store ressurser på å holde bjørnene unna byen.

Jaget bjørnene østover

Isbjørnbinna og de to ungene som ble observert rett utenfor Longyearbyen søndag morgen er nå drevet østover og vekk fra byen. Søndag ettermiddag avsluttet Sysselmannen aksjonen.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!