Rik historie i oldefars fotspor

Beathe Holstad kjende på stoltheit då ho sat i stova til oldefar og ein av grunnleggarane av Kings Bay Kull Company, Peter S. Brandal.

Stova i Amundsenvillaen er rikt illustrert. Beathe Holstads oldefar har bodd i direktørboligen.
Publisert
Beathe reiste saman med frå høgre sambuar Webjørn Landmark, Lars P. Brandal og Lars J. Brandal. f
Roald Amundsen bodde i Amundsenvillaen i korte perioder i 1925 og 1926.
Oversiktsbilde av bebyggelsen i Ny-Ålesund i 1918.
direktører: Direktørene Peter S. Brandal til venstre og Michael Knutsen på trappa til den nye direktørboligen.Bildet er tatt tidlig på 1920-talet.

– Amundsen-villaen var omtrent slik eg hadde forestilt meg. Då eg sat i stova, kjente eg på stoltheit. Dette huset hadde oldefar min fått bygd som sjefsmesse i 1918. Roald Amundsen fekk bu her i 1925 og 1926, i samband med polferdene sine. Det er ganske kult at han oldefar og Roald Amundsen var venner, seier Bethe Holstad.

Saman med tre andre frå Brandal, deltok Beathe Holstad på eit tre dagars cruise med MS «Nordstjernen» . Det var Kings Bay Veteranklubb som arrangerte turen frå Longyearbyen til Ny-Ålesund. Medlemmane av klubben utgjorde knapt halvparten av gruppa på litt over 100 reisande. Resten var venner og kjende, slik at skipet kunne fyllast. Slik var det at ein invitasjon til å vere med også nådde personar knytt til Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Knapt to døger låg skipet til kai i Ny-Ålesund, 16. og 17. september i år.

– Dei var tøffe karar, og såg kva som måtte til. Det å bygge opp eit gruvesamfunn så langt mot nord, var galskap, fortel Holstad.
– Heime har det ikkje vore så mykje prat om dette. Men eg har visst det. Interessa for det som skjedde i Ny-Ålesund, kom etter at eg starta å arbeide på Ishavsmuseet. Som vaksen har eg forstått meir av det pionerarbeidet oldefar var med på, og mine barn på 14 og 18 år veit meir om denne historia enn eg gjorde på same alder. Det er viktig å kjenne sine røter, seier ho.

Vi sit og pratar på ein kafé i Longyearbyen. Om eit par timar går flyet sørover. Eg ville vite korleis ho opplevde denne turen.
– Fantastisk, svarar ho.
– Vi hadde godt vêr heile tida, og eg kunne gjerne ha vore der lenger. Eg er veldig glad for at eg vart med. Kongsfjorden var magisk med dei flotte fjella og mektige breane. Vi fekk sjå at breen kalva og høyre buldringa. Dette var spanande naturopplevingar. Ved innseglinga kjente eg att Zeppelinfjellet, luftskipsmasta og villaen midt i den vesle byen. Ny-Ålesund er eit lite samfunn med mektig natur rundt. Klart at ting har blitt forandra sidan oldefar si tid, men mykje er nesten som då. Det er flott at dette lokalsamfunnet eksisterer framleis, sjølv om gruvedrifta er historie og ulike internasjonale forskarmiljø no har funne sin plass der, seier Holstad.
– Eg hadde store forventningar til turen, og vart ikkje skuffa. Det var fint å gå rundt i den vesle byen og sjå på dei forskjellige husa. Vi hadde byvandring med omvising i fleire av husa. Det var villaen som gjorde størst inntrykk på meg. Eg hadde lyst til å forlate gruppa eg gjekk saman med og vere meir i villaen, men det får bli neste gong. Det var nesten som ein kunne kjenne stemninga frå gamle tider der inne, seier Holstad tankefullt.

– Det var også spanande å sjå anneksjonsplata på museet. Den har eg berre sett fotografi av tidlegare. Det var ei eiga ro i Ny-Ålesund. Lokomotivet «Toa» med sine vogner stod der nyrestaurert. Dei bygde eigne skinnegangar frå gruvene ned til utskipingskaia allereie i 1917-18. Dei fyrste åra kalla ein faktisk staden for Brandal City. I dag er der gode grusvegar, og det er dagens Kings Bay AS som er ansvarleg for all infrastruktur.

– Vi blei med på ein tur til Brandalspynten, eit nes på utsida av Brandalslaguna. Det var kjempefint vêr den dagen. Å stå borte på Brandalspynten og sjå over til Ny-Ålesund var fint. Det var jo frå den kanten også oldefar såg «byen sin» då han kom siglande inn fjorden om somrane. Eg såg for meg skutene som kom og gjekk med proviant og kol, fortel Beathe Holstad.

Fire personar frå vennegruppa rundt Ishavsmuseet var med på Svalbard-turen. Beathe reiste saman med sambuar Webjørn Landmark, Lars P. Brandal og Lars J. Brandal, alle ivrige støttespelarar for museet. Kings Bay Veteranklubb vart stifta i 2001, og dette er andre gongen dei chartrar «Nordstjernen» for å la medlemmene få kome tilbake til gruvesamfunnet, der mange av dei budde og jobba i fleire år.
– Eg driv og guidar på Ishavsmuseet. No har eg vore der, og inntrykka frå det som ein gong vart kalla Brandal City blir med meg. Det blir lettare å formidle etter at eg har fått delta på denne reisa «tilbake i historia». Det var også fint å kunne reise samen med veteranar frå gruvetida, seier Beathe Holstad.

– Mange av husa i Ny-Ålesund står der ganske uendra frå då dei vart bygde for rundt 100 år sidan. Ei av gruvene fekk namn etter Beathes oldemor; Josefine-gruva. Gruveområdet er dessverre jamna med jorda. Få år etter at Kings Bay-gruvene vart nedlagt i 1963, bestemte norske myndigheiter at gruveområdet skulle ryddast. Bygningar vart rivne, stålkonstruksjonar sprengt og gruveopningane vart fylt igjen. I dei seinare åra har veteranar frå Kings Bay Veteranklubb delteke i arbeidet med å merke gruveområdet, slik at besøkande kan få ei viss peiling på korleis ting var før.

Sambuaren til Holstad, Webjørn Landmark, er også inspirert etter denne turen. Han er dagleg leiar for Ishavsmuseet, og fortel at Kings Bay-avdelinga ved museet, «Svart gull i Brandal City», skal vidareutviklast. Historia til Peter S. Brandal skal takast godt vare på.

Powered by Labrador CMS