Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Ei eventyrleg isbjørnjakt

Storfangst: Olav Vik Solheim på stor-bamsen han skaut. FOTO: Knut Gjelland

Ei eventyrleg isbjørnjakt

Ei eventyrleg isbjørnjakt

Tekst:

Publisert:

Longyearbyen fredag 28. april 1972. Sola var komen attende og vinteren gjekk mot slutten, men Olav Vik Solheim og eg mangla ein viktig ting – å skyta isbjørn. Me hadde begge fellingsløyve på ein bjørn kvar, men denne vinteren hadde det vore lite bjørn på vestsida av Spitsbergen og det hadde ikkje lukkast oss å fylla kvoten. Så no eller aldri, tenkte me. Me får nytta helga og dra til austkysten. Der burde det vera større von om å finna bjørn.

Ettermiddagen vart nytta til pakking av diverse utstyr, ikkje minst bensin. Åtte jerrykanner hadde eg på sleden, så det burde halda til ein lang tur. Veret var fint og humøret på topp då me omsider tok farvel med Longyearbyen og svinga innover Adventdalen. Deretter var det Eskerdalen før me kom til Sassendalen. La så kursen austover og kom snart til Fulmardalen. No vart det ny kursendring mot aust og Agardhdalen og austkysten nærma seg.

Me stansa ikkje i Agardh, men la i veg nordover på Storfjorden, passerte Dunér og Mohnbukta og kom til Wichebukta. Målet var eigentleg Hinlopen, så me køyrde inn på land att og tok fatt på Negribreen. Dette var ukjent terreng for oss, men breen var slett og fin, og me såg ingen sprekker. Seinare har eg høyrt at folk har falle ned i sprekker på denne breen, men for oss var det ingen problem. Då me kom aust for Negribreen, tok me oss ned til sjøen på nordsida av Ginevrabotnen. Det var no seint på kvelden og på tide å slå leir for natta. Me sette opp teltet og tok fram turproviant. I tillegg tok me ein titt med kikkert utover isen, og der, langt der ute var det ein gul flekk som rørde på seg. Jau, det måtte vera ein bjørn, og den måtte me prøva å få tak i. Me la straks i veg utover isen. Olav køyrde litt mot vest og eg litt mot aust for å få betre oversikt i området. Eg såg ingen bjørn, men optimismen var stor, dette var spennande. Etter ei stund vart isen flat som eit stovegolv, så det var berre å gje gass, herleg. No la eg imidlertid merke til at det var mange fuglar i lufta, serleg havhest. Eg hadde ikkje venta å møta dei så tidleg på året på desse kantar, men, men – naturen kan vera forunderleg.

Då med eitt såg eg ei mørk stripe i isen rett framfor meg. Å herregud, ei stor råk – ope hav. Dette var grunnen til alle havhestane eg hadde sett. Instinktivt svinga eg inn mot land så fort eg kunne, men det var visst i siste liten. No merka eg at det gynga under skuteren, og isen gjekk i bylgjegang bortover. Eg har lese at sjøis er seigare enn ferskvassis – og takk for det. Isen var neppe fem centimeter, kan henda berre to, men dette var i alle fall ikkje tid og stad for den slags målingar. På ein augneblink var stemningen forandra frå glede til skrekk og gru. Eg var sjeleglad då eg kom meg inn att på fast is og derifrå opp på land. No først gjekk det opp for meg kor nær eg var å drukna. Dersom skuteren hadde gått gjennom isen, hadde eg sannsynleg fylgt med. Dersom eg hadde halde meg flytande var det ingen i nærleiken som kunne hjelpa meg opp or sjøen. Ei våt grav i Ginevrabotnen var ikkje i mine planar då me forlet Longyearbyen, men dette var ein alvoleg lærepeng. Tanken på det som hadde hendt gjorde meg skjelven, men likevel takksam, for som det heiter, lukka er stundom betre enn forstanden.

Olav var i alle fall ikkje å sjå. Dette tyda på at han hadde fått has på bjørnen me hadde observert, og no var i ferd med flåing. I påvente av Olav, tok eg ein liten sightseeing austover til Heleysundet som var nær der me hadde sett opp telt. På nordsida av sundet var det eit lite høgdedrag med god utsikt – og for eit syn. Sjøen rann for tida frå aust mot vest som ei stri elv eller fossefall som ein kunne høyra duren av på lang avstand. Derifrå var det ope hav fleire hundre meter vestover, råka eg nær hadde hamna i. Nei, dette var ikkje rette staden for skuterkøyring. Eg returnerte til teltet, og då var Olav komen med bjørneskinn som eg hadde vona på. Jaktturen var i alle fall ikkje mislukka, og dette var berre starten. Det var no på høg tid å få seg litt mat (klokka var om lag tre på natta). Deretter la me oss i soveposane og sovna med det same.

Laurdag 29. april

Me vakna ut på føremiddagen. Det var fint ver, stille og sol frå skyfri himmel. Etter frukost la me i veg nordaustover på nordsida av Heleysundet, passerte Hannbreen og Koristkabreen og kom ned til sjøen att ved Sørporten i Hinlopenstretet. Me hadde avtalt at dersom me trefte på fleire bjørnar, skulle eg få førsteretten til å skyta. Og utruleg nok, eg måtte ikkje venta lenge. Då me nærma oss Wilhelmøya dukka det opp ein bjørn rett framfor oss. Den vart fort innhenta og overførd til dei evige jaktmarker med eit velretta skot frå meg.

Etter å ha flådd bamsen, drog me straks vidare nordover gjennom Bjørnsundet forbi Wilhelmøya og Binnebukta. Namna tyda på at me var i eit godt område for isbjørn, og det me opplevde vart i sanning ei stadfesting av dette. No vart det imidlertid vanskelege køyreforhold. Isen var full av større og mindre iskoss så det vart nærast som ei «spikermatte» eller torturløype både for skuter og spesielt slede. Men me kom oss nordover smått om senn og var omsider framme i Vaigatt­bogen. Der såg me inn mot Hinlopen og Vaigattbreen som syntest å vera fulle av sprekker. Kalving frå desse breane var sannsynleg årsak til dei vanskelege køyreforholda på isen. Men no var det passert middagstider, så det var på tide å få seg ein matbete. Me parkerte skuterane og tok fram provianten. Samtidig tok me ein titt i kikkerten. Og kva fekk me sjå? Jau, langt der inne mot breen gjekk to bjørnar, ein stor og ein liten. Me trudde det var ei binne med unge, så det var ikkje aktuelt å skyta dei. Dessutan hadde både Olav og eg skote kvoten vår. Men fotojakt var lovleg.

Me let skuterane stå og gjekk til fots i retning av bjørnane. I mellomtida hadde bjørnane gått bak eit lite isfjell slik at me miste dei av syne. Me tok difor ein sving til høgre for isfjellet, og då me kom over mot baksida fekk me på ny auga på bjørnane som no hadde lagt seg ned på isen. Då dei såg oss reiste dei seg opp, men dei syntest ikkje å vera interesserte i oss. Me såg no at det ikkje var ei binne med unge, men ei binne og ein stor hannbjørn. Dei kikka på oss av og til, men elles var hannen mest interessert i binna. Han gjekk rundt og lukta på henne, sannsynleg som ei form for kurtise, men fekk ingen tydeleg positiv respons. Dette kunne passa med at det no var paringstid, men me venta fånyttes på å få sjå isbjørnparing «live». Kan henda tida ikkje var mogen for henne, ho burde i alle fall ikkje vera misnøgd med ein slik stor og flott partnar.

Etter om lag eit kvarter gav binna seg i veg mot høgre innover mot land, og den store hannen fylgde etter, omlag 20 meter bak. Eg tenkte at no var dei snart ute av syne og ferdig med det. Eg hadde i alle fall teke fleire bilete av «isbjørnromansen» i strålande solskin. Kva meir kunne ein forlanga?

Men eg visste ikkje kva som var i vente. Til vår store forundring snudde binna om og kom i retning av oss, men på ein nærare kurs enn tidlegare, og hannen fylgde etter på litt avstand. Eg tykte dette var storveges, sola skein og bjørnane vart større og større sett gjennom fotoapparatet. Binna hadde no passert oss og var komen over til venstre for der me stod. Alt var fredeleg, ikkje ein lyd å høyra, bortsett frå lett skraping av bjørnelabbar mot den hardpakka snøen. Den store hannen var no rett framfor oss og synet sett i kamera var fantastisk – kjempebjørn på kloss hald i solskin.

Då med eitt, utan forvarsel, feste han blikket mot oss og sette i veg i lange byks rett mot der me stod. På det siste biletet eg tok, kan ein faktisk sjå at håra reiser seg bakover nakken. Men no var det dødsens alvor og ingen promenadetur. Eg heiv frå meg fotoapparatet og treiv etter rifla som eg bar på ryggen, men dette tok litt tid. Til all lukke stod Olav ved sida av meg med rifla i handa. Han handla lynkjapt og fekk inn ein fulltreffar som medførde at bjørnen flata ut like framfor føtene våre. Og utruleg nok, no gjekk binna til angrep frå venstre. Ein skulle tru at dei hadde felles strategi om eit samordna angrep.

No stod eg mellom binna og Olav, så det var ikkje så lett for han å skyta. Imellomtida hadde eg fått fatt i rifla og skaut så snart eg kunne. Og flaks eller ikkje, skotet var i alle fall dødeleg og me slapp å verta bjørnemat. Det heile hadde gått så fort at eg rakk ikkje å verta skjelven eingong, men etterpå gjekk det opp for meg kor nære me var på missa livet begge to. I Longyearbyen hadde eg høyrt at isbjørn ikkje var farleg dersom han ikkje vart truga eller provosert på nokon måte. Og dersom han gjekk til angrep, skulle han markera dette med å blåsa i nasen eller gje lyd ifrå seg. Dette hende ikkje i vårt tilfelle, så det var ingen nytttig lærdom. Det me lærde derimot, er at isbjørn er eit livsfarleg rovdyr på nært hald. Då me i etterkant undersøkte spora etter bjørnane, var det så vidt spor etter klørne i den harde snøen, men der den store bjørnen starta mot oss var det djupe groper, tydeleg tegn på kraftig fråspark og full fart med det same. Frå dette punktet og til dit me stod var det 20-25 meter, kan henda ein kritisk avstand med tanke på angrep. Å springa unna bjørnane ville vore nyttelaust, for dei er svært raske til beins. Einaste redninga var altså å skyta dei, og her må eg vel vedgå at me hadde ei blanding av dugleik og flaks. Den store bjørnen låg daud berre fire-fem meter framfor oss med eit kulehol i skallen, litt til venstre for midtlina. Men kva om Olav hadde bomma eller berre såra bjørnen? Det ville sannsynleg vore vår siste time i Hinlopen og denne verda.

No måtte me roa nervene og få oss litt mat, så eg gjekk attende til utgangspunktet for fotturen, for å henta skuter og proviant, Olav sat att på valplassen for å slappa av. Men det vart ikkje berre avslapping, for då eg kom til plassen for skytedramaet att låg det fire daude bjørnar der. Medan eg var vekke hadde det dukka opp to store hannbjørnar til. Etter det me nyss hadde opplevd, tok ikkje Olav risikoen på å sleppa dei for nær innpå seg, og let dei få ei kule kvar. Sannsynleg hadde dei kjent lukta av ei binne i brunst og var no på leiting for å finna henne, men i staden for paring enda det med døden for begge.

No var det seint på ettermiddagen, og etter litt matpause var det berre å hiva seg i flåinga. Me fordelte arbeidet, slik at Olav flådde kroppen, medan eg tok meg av hovudet og labbane. Som medisinsk student i Oslo hadde eg arbeidd som «prosector minor» ved Anatomisk institutt, noko som gav meg røynsle med findisseksjon av lik. Dette fekk eg no praktisk nytte av. Men å flå ein stor bjørn er i alle fall ikkje gjort i ei handvending. Då det leid utpå natta, etter fleire timars arbeid, merka eg brått ein lett skrapelyd bak meg. Eg snudde meg og kva fekk eg sjå? Ja, tru meg eller ei, men der stod ein ny kjempestor hannbjørn på om lag 20 meters avstand. Her var det inga tid å miste, så eg fekk tak i rifla som låg ved føtene mine (her var det topp beredskap) og klarde å skyta bjørnen før han overfall oss. Bjørnen målte om lag tre meter og ti centimeter frå snute til halespiss, så det var ingen smågut.

No hadde me altså skote sju bjørnar: ei binne og seks hannar. Dette var ikkje planlagt, det var ikkje intensjonen vår i utgangspunktet. Men i sjølvforsvar ville vel alle ha prøvd å ta livet av bjørnane heller enn å missa livet sjølv. Då me langt om lenge var ferdige med flåinga, var klokka bortimot fem, og me var dugeleg trøytte. No dukka det imidlertid opp eit par ismåsar. Dette er vakre fuglar som eg aldri har sett før eller sidan. Dei er heilt kvite, bortsett frå svarte føter og auger. Dei sat no på isbjørnskrottane og pikka i seg feittbitar. Du veit her som elles, den eine sin død er den andre sitt brød. I alle fall, det var på tide å ta kveld. Me køyrde inn til nordsida av Vaigattbogen og sette opp telt på land. Me hadde ikkje varselsnor for bjørn, og ingen kjende seg opplagde til å gå bjørnevakt, men me tok sjansen på å leggja oss til å sova likevel. Rett nok hadde me våpen med oss i teltet, men det spørst om me hadde fått brukt dei dersom det kom ein bjørn og reiv ned teltet. Nok om det, me sovna i alle fall utan problem og sov til langt utpå føremiddagen utan nærgåande bjørnar.

Sundag 30. april

Då me vakna var det overskya og litt snø i lufta. Me åt frukost, pakka telt og turutstyr og fordelte skinna på sledane. Det var ikkje ein bjørn å sjå, så me kunne forlata Vaigattbogen i fred og ro, men med mange sterke minne frå gårdagen. Hinlopen hadde i sanning levd opp til sitt rykte som eit eineståande område for isbjørn. I vårt tilfelle kunne vel forklaringa vera at me hadde møtt ei binne i brunst som så hadde tiltrekt seg mange store hannar.

No var målet å koma heim att til Longyearbyen, og kortaste vegen var oppover Chydeniusbreen. Breen var slett og fin med passe stiging og alt såg lovande ut, men då me nærma oss toppen vart det tyngre for skuterane på grunn av djupare nysnø. Då me var på toppen av Chydeniusbreen, nær Trebrepasset som ligg på om lag 1.200 meter over havet, vart det brått bom stopp for meg. Det synte seg at eit lager i variatoren var øydelagt, og utan reservedeler var det uråd å reparera. No var gode råd dyre. Me måtte prøva å koma oss fram til folk med ein skuter. Dei næraste på den tid var russarane i Pyramiden, men det var lettare sagt enn gjort. For det første hadde me dårlege kart over området, me hadde ikkje køyrt her før, og det var lågt skydekke som gjekk over til skodde. Men det var ingen annan utveg, me måtte berre prøva. Me sette att skuteren min og alle skinna og så fekk eg sitja på med Olav. Skuteren hans var til all lukke i orden. Me køyrde først i vestleg retning for me måtte prøva å finna Mittag-Lefflerbreen, men på grunn av skodde var det vanskeleg å orientera seg. Etter ei god stund vart det langvarig unnabakke, og me fann det rettast å stansa for å finna ut kva dette tydde, og det var på høg tid.

Etter ei kort stund letta skodda så me kunne sjå både framover og bakover og det var eit skremmande syn. Det viste seg at me hadde stansa nær kanten av eit stup som enda rett i Austfjorden (Wijdefjorden) fleire hundre meter under oss. Takk og lov, lukka er av og til betre enn forstanden. Det var i alle høve på tide å leggja om kursen, så me svinga sørover med tanke på å koma til Mittag-Lefflerbreen, men det var ikkje ufarleg. Me kom nemleg inn i eit område med såkalla hengekøyer, det vil si bresprekkar dekte av snøbruer. Tydelegvis var me komne inn i eit brefall, no var problemet å koma seg ut att. Det var ikkje så mange alternativ, så me tok risken på å halda fram i same retning, og nok ein gong hadde me hellet med oss. Me kom inn att på «fast grunn» utan å falla i ei iskald grav, og kunne vinka sprekkeområdet farvel. Ja, dette hadde vore langt meir nervepirrande enn me hadde tenkt oss, det er ikkje berre isbjørn som kan vera livsfarleg.

Etter å ha leita litt vidare sørover, kom me omsider fram til Mittag-Lefflerbreen som vart kryssa utan problem. Derifrå køyrde me ned Ebbabreen og kom til Petuniabukta. Dette var kjent terreng for oss, her hadde me vore før. I utgangspunktet hadde me tenkt å køyra isen utover Billefjorden for å koma til Adventfjorden og Longyearbyen, men dette måtte me berre gløyma. Til vår store overrasking var Billefjorden open og isfri. Redninga vart Pyramiden, som då var russisk gruveby med fleire hundre menneske. Der vart me mottekne med opne armar. Russarane eg møtte på Svalbard, var i det heile venlege og gjestfrie, utan noko som minnte om «kald krig». Me fekk god mat og god seng å sova i, så no var alle sorger sløkte bortsett frå at me ikkje kom oss heim att til Longyearbyen. Å leggja i veg over mange og lange brear med ein skuter for å koma fram til Sassen og Adventdalen, var for hasardiøst, men første båt frå Pyramiden gjekk diverre ikkje før til sumaren. Kan henda det vart høve til å læra seg russisk? Trass desse problema sov me i alle fall trygt og godt.

Måndag 1. mai

No måtte me prøva å gje livsteikn frå oss, for i Longyearbyen vart dei vel redde for oss og ville sannsynleg setja i gang leiteaksjon. Men for å senda melding til Longyearbyen måtte me bruka telegraf, for dette var lenge før mobiltelefon var kome i bruk. Men meldinga måtte sendast frå Pyramiden via Barentsburg for å koma fram til Longyearbyen, og dette let seg dessverre ikkje gjera. 1. mai er som kjent ein høgtidsdag i Russland, og telegrafen i Barentsburg var dessverre stengd. Jaja, det var ingenting me kunne gjera med dette. Me måtte berre slå oss til ro i Pyramiden og hyggja oss med russarane så godt det let seg gjera. I grunnen gjekk dette svært bra, for det var fridag og feiring i Pyramiden også. Om kvelden var det stor fest på «lokalet», det vil si kulturhuset, med mykje balalaika, dans og ymse underhaldning, litt av ein kontrast til det me hadde opplevd dei siste dagane. Litt «kaukasusvatn» (vodka) var det vel også høve til å smaka på.

Tysdag 2. mai

Ein ny dag og ny venting. Me fekk i alle fall sendt melding til Longyearbyen at me var i Pyramiden, og at det stod bra til med oss. Problemet var imidlertid at Billefjorden var isfri. Den einaste som kunne få oss heim att på kort varsel var ingeniør Alfred Tiefenthal. Han hadde eit lite fly som stod parkert ved flystripa på tundraen i Adventdalen. Dersom veret var bra kunne han muligens «redda» oss. Det var overskya om dagen og dårleg sikt, men utpå kvelden vart det klårver og kuldegrader med skareføre. Me gjekk i spenning og venta, ville Tiefenthal dukka opp? Jau sanneleg, ved midnattstider kom han i sitt vesle fly og landa på ei slette mellom Pyramiden og Petuniabukta. I flyet var det plass til to passasjerar utanom piloten, men ingen bagasje. Det var i alle fall nok for oss, og me tok farvel med Pyramiden med stor takksemd for all hjelp me der hadde fått.

Onsdag 3. mai

No var me endeleg heime hjå familien att, dugeleg forseinka, men i alle fall heilskinna og i live. Med dette skulle eg gjerne ha sagt «snipp, snapp, snute, så var eventyret ute», men så enkelt var det dessverre ikkje. Inne ved Trebrepasset sto det nemleg ein ødelagd skuter og sju isbjørnskinn. Spørsmålet var no om dette let seg redda. I utgangspunktet hadde eg tenkt å skaffa nye delar til skuteren, få Tiefentahl til å flyga meg inn til Trebrepasset, reparera skuteren og så køyra heim att til Longyearbyen. Men så enkelt vart det ikkje. Våren nærma seg, og det vart mildver med lågt skydekke. Dårleg sikt gjorde det uråd å flyga, og etter kvart gjekk flyplassen (tundrastripa) i Adventdalen i oppløysing, is og snø vart til vatn og våtmark. Dermed måtte eg berre gløyma tanken på flytransport.

Tysdag 16. mai

Denne dagen klårna veret opp, og det vart kaldare. Olav og eg tenkte no eller aldri, dette var sannsynleg vår siste sjanse med tanke på å redda skuter og isbjørnskinn. Snøen i Adventdalen var i ferd med å forsvinna og utan snø, ingen skutertur. Me laga oss i stand på ettermiddagen og fekk med oss Gunnar Hansen og Bjørn Henningsen, begge vante turfolk. Det vart då ein tropp på tre skuterar med førar og ein passasjer, det vil seie meg. Det var som sagt lite snø, for det meste berrmark i Longyearbyen og næraste del av Adventdalen, men me kom i alle fall av garde på ettermiddagen etter arbeidstid. Snart var me utanfor «sivilisasjonen» og styrde mot Sassendalen som me kryssa og tok deretter fatt på Rabotbreen. Deretter vart det mil etter mil i svak stiging oppover Fimbulisen og Lomonosovfonna. Breane synte seg frå ei venleg side med slette vidder og godt føre. Veret var også upåklageleg med solskin og nesten vindstille, kva meir kunne ein ynskja seg?

Me var i alle fall ved godt mot, og etter nokre timar nærma me oss Trebrepasset. No vart det spennande å sjå om me fann att skuteren, men dette gjekk betre enn venta. Det hadde kome ein god del nysnø sidan Olav og eg var der sist, det var berre 20-30 centimeter av vindskjermen på skuteren som var synleg over snøen. Dersom vindskjermen også hadde vore snødekt, hadde me mest sannsynleg ikkje funne att skuteren. No var det berre å spa vekk snø frå skuter og slede, og alle skinna var der som me hadde forlete dei, takk og pris. Eg gjekk i gang med reparasjon av variatoren og starta skuteren. Den var no heilt frisk og trekkvillig. Det var no føremiddag 17. mai, så i grunnen burde me hatt ein matpause. Men i mellomtida hadde det skya over og teke til å blåsa, så me fann det tryggast å starta på heimvegen med det same. Utan soveposar og telt kunne det enda med katastrofe å verta liggjande verfaste.

Onsdag 17. mai

Å sløyfa matpause viste seg å vera klokt. Snart la skodda, eller skyene, seg ned på breane, og vinden auka på. Dette medførde at skuterspora frå framturen var i ferd med å fyka att, og utan dei ville me vore nokså hjelpelause med å finna vegen. Men heldigvis, då me kom ned på Rabotbreen letta skodda og me kunne etter kvart slappa av. Omsider var me framme ved Passhytta, då kjende me oss på heimleg grunn og tok kaffipause. Det var no natt til 18. mai, og i alle fall for seint å feira 17. mai i Longyearbyen. Det var berre «sjarmøretappen» som stod att og den gjekk som smurt, sjølv om det skurra litt på grusen då me kom heim att til Longyearbyen. Det var ein trøytt, men trass alt glad gjeng som etter lange strabasar kunne sova ut i eigne senger.

Guttorm Hansen og Bjørn Henningsen fekk i alle fall kvart sitt skinn for at dei hjelpte oss, og var vel nøgde med det. Etter dette burde ein vel seia snipp, snapp, snute. Men utruleg nok var det ikkje slutt på dramatikken omkring desse skinna. Olav leverte inn sine skinn for salg hjå pelshandlar Paul Figenschaus eftf. i Tromsø. I brev frå Figenschau står det mellom anna: «Vi har ganske riktig den 27.06.72 motatt et isbjørnskinn fra Olav Vik Solheim, 3 m 10 cm stort. Vi har ganske riktig hatt et skinn, 3 meter stort som blev forlangt kr. 30.000 for. Skinnet var førsteklasses vinterskinn, og i en størrelse som jeg i min tid, (55 år i bransjen) kun har sett en gang før.»

Skinnet var utstilt i butikken til Figenschau i Tromsø og vart tydelegvis for freistande for ein kriminell person, eller hans «oppdragsgjevar». Ei natt rygga ein bil inn i inngangspartiet, tok med seg skinnet og forsvann. Sidan har skinnet vore borte vekk. Ein får vera nøgd med å leva på minna, som eg her har prøvd å gje eit lite glimt av.

Se bildet større

Mål: Labben på en av storbjørnene med et tversnitt på 30-40 centimeter. FOTO: Knut Gjelland

Se bildet større

Ruta: Ruta dei to bjørnejegarane la ut på, er svært omfattande. Det austlige området er i dag ikkje tillatt å kjøyre med snøskuter. kart: norsk polarinstitutt FOTO: Kart: Norsk Polarinstitutt

Se bildet større

Datidas snøskutere: Snøskutarne tidleg i 1970-åra var av eit heilt anna kaliber enn dagens kraftpluggar. Likevel dro hardbarka bjørnejegare som Solheim og Gjelland langt av garde, i eit område ingen i dag kjøyrer skuter i.

Se bildet større

Trøbbel: Storbamsen i godt driv mot fotografen og jegarane. Det kosta han livet. FOTO: Knut Gjelland

Se bildet større

Dissekert: Knut Gjelland tek seg ein pause i det blodige arbeidet. Hadde Sysselmannen fått nyss i storfangsten den gongen i 1972, hadde dei to fått seg ein smekk. Saka er no forelda, og vel so det. FOTO: Knut Gjelland

Siste nytt i Magasin

Kald sovepose ødela ikke camp-opplevelsen

Rekorddeltagelse på Camp Svalbard.

Henter trærnes forgjengere

To fossilsteiner fra Longyearbyen skal fortelle trærnes utviklingshistorie i Botanisk hage i Oslo.

Gjør «Oden» klar til å tygge is

Mens Norges forskningsisbryter fremdeles er under bygging, blir alt lagt til rette for at svenskenes «Oden» skal finne ny kunnskap i isen.

Et trygt rede blant 800 kubikk

Under panseret på en knallrød Polaris 800 har snøspurvparet bygd byens tryggeste rede.

Gruve 7-kull skal drive veteranlok på fastlandet

Tertitten-banen er fire kilometer lang.

Intervju av intervjuerne

Lasse, Live og Pia har spisset blyantene og stilt inn mikrofonen. Svalbardposten får konkurranse av rykende fersk avis.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!