Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Vestlendingar og 17. mai i Longyearbyen

Det vart eit friskt møte med Svalbard-våren for musikantane frå Hordaland sist veke. FOTO: Anne Liv Haukanes

Vestlendingar og 17. mai i Longyearbyen

Vestlendingar og 17. mai i Longyearbyen

Tekst:

Publisert:

I år måtte den vesle bygda Trengereid i utkanten av Bergen greia seg utan musikklaget sitt på 17. mai. Me hadde drege vår kos – heilt til Svalbard. Men rett før me reiste, hadde me fått spelt inn nokre marsjar og nasjonalsongar på CD. Vonleg overlevde bygdefolket 17. mai med Trengereid musikklag «i opptak».

På våre kantar er det ikkje sjeldan at det bles og regnar på nasjonaldagen. Men snødrev var ei ny oppleving. Leiaren i 17. mai-komiteen i Longyearbyen kunne ikkje hugsa at det hadde vore to musikkorps i prosesjonen gjennom i Longyearbyen før.
– Eitt og eit halvt, korrigerte formannen i Trengereid-laget. Fleire av dei gjestande messingblåsarane opplevde nemleg at ventilane fraus fast. Dei innfødde i Longyearbyen storband har gjerne lært å tilpassa seg det røffe miljøet?
Eg vart imponert over den store oppslutnaden om 17. mai-feiringa her oppe i det kalde nord. Og det var positivt at gjester frå den russiske busetnaden bidrog i programmet.
Dette var første gongen eg vitja Svalbard. At naturen er spesiell, visste eg, men ikkje at Longyearbyen har så mange butikkar, utestader, snøscooterar, bussar og bilar. Og eit svært rikt kulturliv, ikkje minst. Festforestillinga i kulturhuset om kvelden var i særklasse. Mange gode musikkrefter, tankevekkjande tale for dagen og ein fin ballanse mellom høgtid og moro. Trengereid musikklag hadde fleire speleoppdrag på nasjonaldagen, i tillegg spelte me på gudstenesta første pinsedag.

Kontaktpersonen vår på Svalbard var Espen Rotevatn, som har ein far som spelar i Trengereid musikklag. Tidlegare har Espen vore dirigent for Trengereidkoret, og han har også steppa inn og dirigert musikklaget nokre gonger. Espen var guide for oss i Longyearbyen, og etter gudstenesta første pinsedag arrangerte han fjelltur for dei sprekaste (?) av oss til varden og eit stykke vidare opp. Endå brattare enn på Trengereid, og ingen buskar å huka seg fast i om du kjem på trill.

Musikklaget – med ektefellar og fans – set stor pris på at me fekk oppleva 17. mai på Svalbard. Takk for oss!

Anne Liv Haukanes
Trengereid

Nøkkelord

Se bildet større

Espen Rotevatn (gul jakke) på varden med gjestar frå Trengereid. FOTO: Anne Liv Haukanes

Siste nytt i Leserinnlegg

Isbjørnangrepet  i 1995

« Vi var litt eldre og veldig heldige».

Et spark nedover

«Når man leser arbeidsgivers egen versjon inne i avisa fikk jeg ikke den til å stemme overens med forsiden».

Kritisk journalistikk?

«Jeg prøvde etter beste evne å forklare journalisten at dette ikke stemte helt med virkeligheten, men da avisen kom ut, var denne historien slått stort opp på forsiden».

Peder Åsmund Pedersen til minne

Ble født på Blomstrandhalvøya i 1930.

«Etter mine begreper er de siste tiårenes essens nå i ferd med å bli et særs dårlig brygg».

Minneord

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!