Verdens nordligste Messias

Ei grenselaus stor takk for ei stor oppleving i Bøler kirke søndag 24. mars!

Siste strofe er sunget i Bøler kirke, og dirigent Jan Helge Trøen takker solister, musikere og - selvsagt - koret.Foto: Bente Gustafson
Publisert

Eg var så gira etter konserten at eg knapt var nede på bakken før dagen etter. Eg er glad Vivi køyrde bilen (og meg) heim til Drøbak etterpå. Eg var langt frå køyrbar.

Eg var kry over å kjenne fleire av dokke. Ein kjempeprestasjon som dokke kom frå med all ære. Eit dristig føretak for eit lite kor, men når ein vil og torer så klarer ein det utrulege. Dokke klarte det utrulege. Med god hjelp av andre songarar med den same viljen og den same iveren. Med god hjelp av villige og flotte solistar. Med god hjelp av eit orkester som var akkurat stort nok. Og med god hjelp av ein dirigent som må ha hatt trua på dokke som har vore villig til å jobbe og til å drive dokke fram.

Ei oppgåve som ein skulle tru var umuleg, men som dokke saman med dirigenten og dei andre gjorde muleg og meir enn det: Det var storslått, vakkert, overveldande. Eg trur at eg var bortimot like sliten som kvar av dokke må ha vore etter at konserten var over, av å konsentrere meg og å leve med. Tre timar var berre borte vekk som om ingen tid fantes. Eg kjenner halleluja-koret i kroppen ennå. For nokre sopranar!

Og alle kjende (og kjære) svalbardvenner som var å treffe! Og det opne og luftige og stilreine kyrkjeromet!

Takk ennå ein gong. Eg finn ikkje det rette ordet, men dette var ei stor oppleving. Storslått var det.

Powered by Labrador CMS