Vêret for ising på luftfartøy

Korleis oppstår egentlig ising? Tidligere professor i geofysikk Reinhardt Mook forklarar. Foto: L

Tidligere professor i geofysikk Reinhardt Mook forklarar korleis ising oppstår.
Publisert

Helikoptre og kortbanefly på Svalbard og i Noreg opererer i luftlag der ising kan vere hinder. Jetfly krysser desse sonene ved start og landing. Dagens luftfartøy er til ein viss grad utstyrte for å kunne motverke ising. Ising er likevel ein faktor å ta omsyn til. Ising vil seie at det vert danna rim, eller at vatn frys fast, på luftfartøy (frysing). Begge tilfella krev ein overflatetemperatur kaldare enn vatnets frysepunkt. Ved sky-lufttemperatur minus åtte grader celsius er frysing statistisk mest sannsynleg, oftast mellom 0 og minus 12 grader celsius. Men ned i 30 minusgrader kan det vere vatn nok til alvorleg frysing.

Ising er samspel mellom tekniske konstruksjonar og meteorologiske vilkår. Til dømes fell lufttrykket ved inntak til jet-motorar. Ved det kjølast lufta kan hende under den temperaturen som gjer at vassdamp slår seg ned som is (rim). Frysing i noko mon krev rimeleg mykje flytande vatn i lufta. I fart vert overflata av luftfartøy varme ved friksjon mot luft. Frys vatn, aukar temperaturen òg. Sum varme kan gjere at oppsamla vatn ikkje frys på same staden, men flyt ut over komponentar før alt frys. Luftfartøy si fart, evne til å fange dråpar og tida i isande miljø, verkar inn på kva slags is ein får, kva det vil seie for operasjonelle eigenskapar (aerodynamikk, vekt, tyngdepunkt). Her omtalast nokre meteorologiske føresetnader.

Rim dannast på objekt kaldare enn den temperaturen (frostpunkt) der vassdamp vert til is.

Kjem eit luftfartøy frå kald til varmare luft med mykje vassdamp, ligg det til rette for rim, om overflata er kaldare enn vatnets frysepunkt (elles dogg!).

Rim beine vegen frå vassdamp kan kome i klår luft. Dråpar i lufta er det same som å seie sky-luft, med eller utan nedbør. Om luftfartøy sine overflater held låg temperatur vel under frysepunktet, kan dråpar som frys til å byrje med vere varmare. Men som regel er sky- og ein del av nedbør-dråpar underkjøla (flytande ved kuldegradar). Normalt minkar innhaldet av vatn i atmosfæren med minkande lufttemperatur og aukande høgd over havet. Underkjøla store dråpar frys til vanleg før små dråpar vert til is.

Potensial for is på luftfartøy ligg nett i atmosfæriske tilhøve som ikkje er dei vanlege: Låg temperatur og mykje vatn i lufta, ein stor del store, ikkje frosne dråpar.

Desse uvanlege tilhøva finst når luft løftast sterkt, til dømes tvingast til vêrs i ly av fjell, i vassrik luft med sterk oppdrift over varm sjø (om sommaren land). Store dråpar blanda med små finst med anna når lufta kjølast svært kjapt. Store underkjøla dråpar og sannsyn for ising (frysing) kan då ventast i skyenes øvre regionar.

Nedbør i form av dråpar vert borne attende til vêrs inn i skyene med oppstigande luft. Vert nedbør til, flyttast risikosonen for ising (frysing) ned til middels høge eller lågare sky-regionar, som regel ved lufttemperaturar mellom frysepunktet og -15 grader Celsius. Underkjøla sky- og nedbør-dråpar finst blanda om kvarandre. Nedbørpartiklar, regn eller snø, monner ved ising fordi de er store etter volum i høve til sky-dråpar.

Regndråper treng ikkje vere underkjøla når dei treff på eit luftfartøy kaldare enn frysepunktet, det same om objektet kjem frå stor og kald høgd eller frå eit kaldt lag luft over bakken. Vatn i snøfiller og underkjøla sky-dråper kan saman fryse til ein samansett skorpe på ei overflate.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS