Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Om isbjørn og svalbardrein

Foto 1. Reinsbukk drepen av bjørnebinne, Wijdefjorden 25.september 2008. FOTO: Tommy Sandal

Om isbjørn og svalbardrein

Det har lenge vore hevda at isbjørn så godt som aldri ser på svalbardreinen som eit byttedyr.

Tekst:

Publisert:

I dei seinare år har eg imidlertid hatt fleire interessante opplevingar som tydar på at denne oppfatninga ikkje stemmer. Her er nokre døme:

Første sikre observasjon gjorde eg i Wijdefjorden 25.sept 2008. Ei satelittmerka binne drap og fortærte mesteparten av ein reinsbukk (foto nr 1). Hendinga vart omtala av meg i SP 12.des 2008. Isbjørnforskar i Norsk Polarinstitutt, Jon Aars, følgde deretter opp med eit kart i SP, som viste at posisjonen til denne binna stemte bra med tidspunktet for min observasjon. Slik sett vart dette ein god dokumentasjon.

2.november 2008 fann eg, også det i Wijdefjorden, spor etter ein middels stor hannbjørn som hadde opphelde seg på restene av ein reinsbukk (foto nr 2). Pga lite sporsnø var det umulig å tyda hendingsforløpet. Men mykje blod, bitt og måten dyret var «flådd» på, tyda på at bjørnen hadde drepe reinen. Det var heller ikkje noko som tyda på at reinen hadde krepert av andre årsaker.

12. oktober 2010 gjorde eg ein ny sikker observasjon, rett aust for Austfjordneset i Wijdefjorden. Denne hendinga hadde stor likskap med det eg opplevde 25.sept 2008. Også denne dagen sat eg med kikkerten og speida etter rjuper, og oppdaga då heilt tilfeldig ein middels stor hannbjørn som stod med ein reinsbukk i kjeften. Reinen sparka framleis seint med bakføtene. Etter nokre sekunder sleppte bjørnen bukken, og vart ståande å eta snø og pesa med open kjeft. Han var tydlegvis varm og oppjaga. Så drog han bukken med seg oppover ei skråning på 50-60 meter, og deretter sette han seg på baken lik ein hund og speida nedover i terrenget. Etter kanskje 2 minutt byrja bjørnen å ta fatt på reinen. På same måte som den nemnde binna, starta han med å nappa opp bukskinnet og dra ut innvollane. Men i motsetning til binna åt denne bjørnen grådig av innmaten. Det såg også ut som han slikka i seg ein del av blodet på snøen. Etter å ha sett dette tok eg ein omveg rundt bjørnen og gjekk vidare opp i fjellet. Då eg returnerte på ettermiddagen var bjørnen ikkje å sjå, men låg truleg i nærleiken. I kikkerten såg eg at mesteparten av reinen alt var oppeten. Neste morgon undersøkte eg kva som hadde skjedd. Bjørnen såg eg ikkje att, men han hadde vore ved kadaveret i løpet av natta. Han hadde drege med seg hovudet og litt skinn endå lenger opp i terrenget (foto nr 4). Spora i snøen viste at bjørnen hadde lurt seg inn på bukken, som gjekk i lag med 4-5 andre simle/ungdyr. Då dyra hadde oppdaga bjørnen, hadde simle/ungdyra først sprunge i alle retningar, men straks samla seg og flykta vidare i lag. Bukken derimot hadde sprunge åleine på unnabakke med bjørnen rett bak seg. I ei slukt der snøen var litt djupare hadde bjørnen innhenta bukken. Avstanden derifrå og opp til der bjørnen starta spranget, var ca 150 meter. Etter denne fangsten skulle ein tru bjørnen var nokolunde mett. Likevel hadde han reist seg opp frå måltidet og lagt på fullt sprang etter 2 simler/ungdyr som hadde passert rett nedanfor (foto nr 3). Etter ca 200 meter hadde han gjeve opp. Seinare denne dagen oppdaga eg at bjørnen hadde jaga etter ytterligare 2 andre simler/ungdyr.

7.februar i år oppdaga eg ei binne med toungar (vel 1 år gamle)under Sundhøgda rett vest for Fridtjovhamna som akkurat hadde gjort seg ferdige med eit reinsslakt. Pga lite lys og lang avstand greidde eg ikkje å avgjera om denne binna var satelittmerka. Truleg var ho det, sidan det for tida held seg ei merka binne med tilsvarande ungar i Bellsund mesteparten av året. Desverre hadde ikkje forskar Jon Aars fått data frå denne binna på dette tidspunktet. Etter spora å døma var bjørnane kome frå området rundt Fridtjovhamna 6.febr eller natt til 7.febr. På veg vestover under Sundhøgda hadde dei runda eit berg og der fått teften av ein reinsbukk som låg. Bjørnane hadde skrådd seg heilt ned til sjøen og i skjul for reinen. På høgde med reinen hadde binna kome seg opp på ein brink, avstanden derifrå til der bukken låg var berre 10-12 meter. Både terrenget og den harde vinden denne natta gjorde nok til at bukken, etter spora å døma, knapt fekk tid å reisa seg. Men han hadde gjort såpass motstand at binna vart dregen med ned til landkallen, der det var mengder av blod. Bjørnane hadde deretter drege med seg bukken opp på brinken og fortært den der. Bukken var heilt oppeten då eg kom neste dag. Ungane hadde klatra høgt oppover fjellsida og leika seg med skinnfiller frå kadaveret.

Om forfatteren:
Tommy Sandal er fangstmann og har fangsthytte ved Bellsund.

Se bildet større

Foto 2. Reinsbukk truleg drepen av bjørn, Wijdefjorden 2.november 2008. FOTO: Tommy Sandal

Se bildet større

Foto 3. Galoppspor etter hannbjørn som har jaga etter 2 simler/ungdyr, Wijdefjorden 13.oktober 2010. FOTO: Tommy Sandal

Se bildet større

Foto 4. Reinsbukk drepen av hannbjørn, Wijdefjorden 13.oktober 2010. FOTO: Tommy Sandal

Siste nytt i Leserinnlegg

Et naturlig flerkulturelt samfunn (i havet)

Kronikk: Nye funn av blåskjell har endelig gitt oss mulighet til å gjøre et skikkelig studie av hvor blåskjellene på Svalbard faktisk kommer fra, og ikke minst få avkreftet/bekreftet at det dreier seg om det vanlige blåskjellet Mytilus edulis.

Hallvard Holm gjør rett i å kritisere  - men det er god kvalitet på guidene

Ronny Brunvoll kommer Hallvard Holm i møte i kritikken av turistguidene i Longyearbyen, men hevder allikevel at kvaliteten jevnt over er god. Turistnæringen arbeider kontinuerlig med god opplæring av sine ansatte.

UNIKT, TRYGT OG  SKAPENDE - FOR ANDRE ENN LOKALSTYRE SELV ?

Leserinnlegg: Lokalstyres avslag av søknad om bygging av flytebrygge på Hotellneset, hemmer næringsutviklingen.

Else Christie  Kielland – Kunstner i mellomkrigstidens Svalbard

Leserinnlegg: Else Christie Kielland hadde flere kunstneropphold i Longyearbyen på 30-tallet. Hun ønsket seg stadig tilbake til øya hvor hun hentet inspirasjon til sin kunst.

Longyearbyen  – et historieløst samfunn

Leserinnlegg: Hallvard Holm oppfordrer turistnæringen til grundigere opplæring av guidene på øya.

Retten til å dø på Svalbard

Leserinnlegg: Leif Magne Helgesen knuser noen av mytene som eksisterer om livet på Svalbard.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!