Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

La Anne Lise få kulturlønn!

Æreslønn: Anne Lise Klungseth Sandvik bør få kunstnerlønn, mener innsender, og oppfordrer Roger Zahl Ødegaard til å ta affære. Bildet er fra utdelingen av Tyfusstatuen i 2013. FOTO: Anders Fjellestad (arkiv)

La Anne Lise få kulturlønn!

«Ho bør få den honnør og den lønn ho burde ha fått for mange år sidan» skriv Hallvard Holm.

Tekst:

Publisert:

Eg har sagt det før og eg seier det igjen, og denne gongen fullt offentleg: La Anne Lise Klungseth Sandvik få lønn, kunstnarlønn, eller kulturlønn eller kva de no vil kalle det.

I om lag 40 år har Anne Lise vore eit frittgåande og levande kulturmenneske i Longyearbyen. Først ein halv mannsalder på Huset der ho heldt styr på både gammelbus og grønskoltingar, fastbuande og freidige turistar. «Kjeftesmella på Huset» var heiderstittelen ho fekk. Seinare har ho vore frivillig og fristilt kulturmenneske i årevis. Slagferdig konferansier, råkande visesmed, stikkande satirikar, men utan vond brodd, humørspreiar, revyartist og korsongar, etc, etc. Primus motor for det meste. Alltid imøtekomande. Stundom full av ærleg harme, ein harme som når den var slept ut, fort brann ut i eit smil og ein god latter. Eit ja-menneske. Treng eg seie noko meir?

Så, lokalstyret, Longyearbyens kommunepolitikarar, la no Anne Lise få den honnør og den lønn ho burde ha fått for mange år sidan: La henne få kommunal lønn, kall det kulturlønn eller kunstnarlønn eller æreslønn eller same kva. La henne få ei årslønn som fristilt kulturarbeidar i Longyearbyen. Eitt hundre tusen eller to spelar ingen rolle for kommunebudsjettet, Longyearbyen flyt likevel over av både mjølk og honning, korkpengar, miljøpengar og statlege midlar (eg veit ikkje kor mykje ho har skøytt til på korkpengane, men for miljøet i Longyearbyen har ho i alle høve gjort ein kjempeinnsats. Elles trur eg nok at det ordinære kommunebudsjettet vil tole ein person til på lønningslista, ein med ein heilt fristilt arbeidsinstruks).

Eitt hundre tusen eller to er berre ein drope i Adventfjorden, men det vil vere ei synleg verdsetting av alt det frivillige og ulønte kulturarbeidet Anne Lise har utført gjennom år, for det arbeidet ho gjer og for det ho vil bidra med framover, så lenge de har ho mellom dykk. Men lat henne for all del få stelle med det ho sjølv vil.
Ho er ein av dei få kulturberarane og sjeldne tradisjonsberarane i Longyearbyen. Gjennom mange år kanskje den aller største. Og det kan vere greit nok å rekne med å få lønn «hisset», men det kan gjere godt å verte sett pris på her nede også.

Og ein ting til: Eg reknar med at Anne Lise har fått det som finst av lokale utmerkingar, Tyfusstatuetten og slikt (få eller ingen har vel fjerna så mykje tyfus frå Longyeardalen som ho), men eg har ennå ikkje sett eller høyrt at ho har fått Kongens medalje. Så her, Roger Zahl Ødegaard, her har du ein jobb å gjere. Skriv ein god søknad, få med deg underskrifta til både Kong Salomo og Jørgen Hattemakar, og ta så ein prat med Sysselmannen, så ordnar det seg nok.

Hallvard Holm

Nøkkelord

Siste nytt i Leserinnlegg

Er det virkelig skadelig å ikke være fysisk aktiv?

Delplan for idrett og fysisk aktivitet, 2013 – 2023 (Planforslag 2013, Longyearbyen lokalstyre). Dokumentet inneholder en hel del fornuftige planer. Men blir disse planene omsatt til handling? Eller er det velmente ambisjoner uten praktiske tiltak?

Fremmed fugl

«Det var ingen god mottagelse den fikk, flyktningen, som kom til Svalbard etter en lang ferd mot nord.»

De første flyvningene til Longyearbyen

Passasjerfly til Svalbard på 1960-tallet: Flymeteorologiske forutsetninger.

Store Norske - samfunnsbygger og kulturbærer i 100 år

Store Norske jubilerer i år. Mye har skjedd siden Store Norske overtok gruveselskapet til J. M. Longyear.

«Uklarheter om hvem som eventuelt skulle ha sikret Lia ved skredforebygginger eller ha organisert overvåking og varsling av skredfare kan tyde på at ingen instans så langt har vært rettslig garantist med derav følgende plikter».

En reise mot Ultima Thule

Som et Ultima Thule ligger de der med sine hemmeligheter og myter.Vi snakker om brefrontene – bortenfor grensen av den kjente verden.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!