Kjære svalbardværingar!

Svalbardværingane er sjølvsagt bekymra over at produksjonen av kol ser ut til å gå mot slutten.

Publisert

Etter at Svalbardposten tok inn ein artikkel om ein tur eg gjorde rundt Svalbard i 1967 (er det virkeleg 50 år sidan!), har eg følgt med i Svalbardposten regelmessig.

Svalbardværingane er sjølvsagt bekymra over at produksjonen av kol ser ut til å gå mot slutten. All produksjon av energi basert på karbon, enten det er i form av varme eller bevegelse, fører med seg koldioksid – CO2. Avgass frå kol kan også vera verre enn avgass. frå olje og særskilt gass, da den inneheld andre stoff enn CO2.

Eg vil tru at det sit forstandige kvinner og menn både i Store Norske og i UNIS. Dei forstår sikkert at skal kolproduksjon på Svalbard ha noen framtid, må problemet med avgass løysast. Det har vorre gjort ein del forsøk med karbonfangst, men kor langt ein er kome med det, har eg ingen oversikt over.

Det svalbardsamfunnet, og da reknar eg også med våre russiske venner og kollegaer, no må gjera -så vidt eg kan sjå – er å skaffe midlar og kompetanse til testing og utprøving av metode og utstyr for fangst og lagring av avgass en frå kol. Denne prosessen skulle sjølvsagt ha vore starta for mange år sidan. På Sintef og NTNU i Trondheim bør det jo vera kompetanse på dette, og den må utviklast vidare. Men det må betalast.

Dette var eit sukk frå ein gamal mann som la att ein del av hjartet sitt på Svalbard.

Sivert Fløttum

Powered by Labrador CMS