Freden etterpå

Freden etterpå

Publisert

Eg var sliten etter gravferda og etter minnestunda. Eg var sliten fysisk etter ein lang dag, men mest var eg sliten innerst inne, i sjela. Det hadde vore så mange og så sterke kjensler, så lenge.

Etter at alt var over, vart eg invitert heim til gode venner, men eg takka nei. Eg hadde trong om å vere åleine, heilt for meg sjølv.

Så eg gjekk opp på hotellromet, tok av meg dressen og skifta klede og gjekk ein lang tur i dei kalde, turre vintergatene. Mållaust rundt i byen og til parken nede ved sjøen. Det gjer alltid godt å sjå sjøen.

Etterpå stakk eg innom hotellrestauranten for å få meg litt kveldsmat. Eitkvart som passa til akevitt.

Eg sat for meg sjølv i eit hjørne av lokalet, og der var lite folk i lokalet.
Så løfta eg akevittglaset og sa så stille at berre eg og han eg skåla med, kunne høyre meg: Skål Kjell, sa eg. Skål, gamle venn.

Og eg såg tydeleg at han lente seg bakover i stolen. Han hadde endå på seg den rustraude strikkajakka med smokingslag og det bokslipset som eg ein gong ga han i bursdagspresang. Han lente seg bakover, som alltid roleg og avslappa og han smilte det lune smilet mellom alt skjegget. Det tilfredse smilet, som etter ein god dag.

Eg såg han i augene under dei buskete augebrynene og sa: Skål.

Så reiste han seg og gjekk.

Og eg sat att åleine og tømde det vesle glaset.

Hallvard Holm
Drøbak

Powered by Labrador CMS