Fjæreplytten ̶ svalbardentusiast og snart tilbake

Fjæreplytten ̶ svalbardentusiast og snart tilbake

Svalbardentusiast: Fjæreplytt beitande på stranda i Adventfjorden.
Publisert
Kjem i mai: Denne månaden kjem fjæreplytten tilbake til Longyearbyen.

Tundra og elvedelta ligg framleis under is og snø. Fjæreplytten er klokleg nok sørpå. Så seint som i oktober sette dei siste flokkane kursen over Barentshavet. Han drar ikkje så langt denne hardhausen, vinteren held han seg truleg mest på isfrie kystar i Skandinavia og Storbritannia. I mai er «plyttane» tilbake.

Fleire sommarsesongar har vi no gjennomført hyppige registreringar av fjæreplytt i Adventdalsdeltaet. Masterstudentar ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) har vore sentrale. Deltaet er eit godt matfat med tanglopper, børstemark og anna føde frå havet. Her meskar plyttane seg samtidig som dei ventar på at hekkehabitatet på tundraen smeltar fram. Fjæreplytten er den mest talrike vadefuglen på Svalbard. Han hekkar spreidd i tørr tundravegetasjon og du finn fjæreplytten over heile øygruppa.

For dyrelivsinteresserte er Adventdalsdeltaet vel verdt eit besøk. Sel og kvitkval er stadig innom, så også ei rekke fugleartar. Skodelystne har det dessutan fint også når dalvinden bles takka vere det flotte observasjonshuset til Longyearbyen Feltbiologiske Forening (LoFF). Foreininga jobbar sjølv aktivt med fjæreplytt, særleg undersøkingar av trekkruter og vinterområder.

Det er interessant sesongdynamikk i bruken av Adventdalsdeltaet. I overgangen mai-juni kan fleire tusen fjæreplyttar samlast der. Seinare på våren går fjæreplytten til hekking på tundraen, og tala på fugl i deltaet går ned. Mot hausten er dei tilbake i det marine matfatet, no også neste generasjon «plyttar». Vi ser ein topp i talet på fugl i september-oktober, mest truleg knytt til frost og snøfall over land som gjer tundraen ueigna. I Adventfjorden er skilnaden på flo og fjære omlag 1,5 meter. I det langgrunne deltaet varierer derfor storleiken på fjæreplyttens matfat mykje gjennom døgnet. Truleg vekslar fuglane på å beite i fjæra og på tundraen, også på denne kortare tidsskalaen. Studerer vi fjæreplyttens bruk av deltaet gjennom sesong- og tidevatnsyklusar lærer vi samtidig mykje om økologien både i havet og på tundraen. Forstår vi fjæreplytten, forstår vi mykje av Svalbard. Om ei veke eller to er dei her igjen.

Takk til Svalbards miljøvernfond som i år støttar arbeidet vårt i Adventdalsdeltaet gjennom prosjekt Delta, eit samarbeid mellom Akvaplan-niva, Norsk institutt for naturforskning, UNIS og LoFF.

Powered by Labrador CMS