Blinkande lys i luftfarten

Tidligere professor i geofysikk Reinhardt Mook forklarar korleis blinkande lys kan påverke luftfarten.

Publisert

Optiske fenomen som verkar inn på evna til å orientere seg, er ein risiko i luftfarta. Bruken av helikopter blei vanleg i USA på 1950-tallet. Fleire ulykker var vanskelege å forklare. Legen Bucha fann at elles friske pilotar som vart utsett for blinkande ljos mellom ein og tjue gongar i sekundet, fekk tilstandar frå svimling til symptom liknande epilepsi.

Korleis kan synsinntrykket av blinkande lys med den kritiske frekvensen nemnd bli til ved dreiande rotorblad, elles òg ved vindmøller? Blinkande signal på ein elektronisk skjerm sedd i dårleg ljos over tid kan òg utløyse nemnde medisinske tilstandar.

Fenomenet som ligg bak er den stroboskopiske illusjon, klarlagt av den engelske legen Roget i 1825. Synsinntrykket av eit bilete leia frå netthinna til hjernen bleikjer ikkje med det same. Ljos frå ei kjelde bakanfor ein rotor i bevegelse stykkast opp i tid. Etterbilete-verknaden gjer at ein berre ser enkelte regelmessig fylgjande glimt av ljos.

Effekten nyttast med anna for å bringe fram pulserande posisjonsljos.

Forklarande døme kan vere ein flypropell som å sjå til står stille eller å sjå til sakte aukar eller minkar turtalet, skjønt flyet held på sin marsjfart. Om propellen er nett i den same posisjon kvar gong hjernen tek imot eit nytt bilete, vil propellen å sjå til stå stille. Registrerer hjernen biletet litt seinare for kvar gong, oppfattast det som om propellen aukar farten. I motsett tilfelle, posisjonen av propellen registrerast litt tidlegare for kvar tidsbolk, vil propellen å sjå til rotere bakvendt.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS