Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Spørsmål i permafrost

Leder – 22. februar 2013

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
21.03.2013 kl 12:40

Trygt inne i fjellet ligg tusen på tusen av frø. Omgitt av permafrost skal frøa kunne overleve i tusen år. Frøbanken i Longyearbyen skal verna verda sine matressursar frå krig, varmare temperaturar og havstiging. Ein «Noahs ark» like over flyplassen i Longyearbyen.

Sidan opningsdagen i 2008, har det vore mykje fram og tilbake om besøk i frøbanken. Tanken var at frøa skulle få liggja i fred, det fekk dei ikkje. Landbruksdepartementet ga etter for press og opna for prominente gjester og media. Så tok det brått slutt i fjor, då brannsjefen sette foten ned for alle besøkande. No klagar Statsbygg og departementet saka inn for Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Kvifor må folk på død og liv inn? Svalbardposten kan fortelje dykk ein løyndom: Det er ikkje noko å sjå der inne. Ikkje eit einaste frø. Det er ein lang gang inn til ein fjellhall med stengd dør inn til «det aller heilagaste». Der slepp ingen andre enn dei som har ansvaret for frøa inn. Alle er nok samde i at frøbanken og symbolverdien den ber er viktig, men ville ikkje symbolverdien og mystikken kring kvelvet bli enda større dersom ingen fekk koma inn? Vil det ikkje vera nok om pressa og prominente gjester kunne følgja nye frø frå dei kom med flyet til frøa forsvann inn dørene til frøbanken? Hit, men ikkje lenger, grunna tryggleiken til frøa og verda?

Dei som vil besøka frøa er stengde ute, i alle fall førebels. Det same er Henningsen Transport & Guiding og andre som kunne tenka seg jobben med å frakta staten sine losar for Kystverket. Det statlege Kystverket er pliktig å legge jobbar ut på anbod på fastlandet. På Svalbard er ikkje lova like klar, men Kystverket burde kjenna seg bunde av etikken. Er det mindre viktig at næringsliv på Svalbard får vera med å levera tilbod på jobbar enn næringslivet på fastlandet? Er det ikkje like viktig at statlege aktørar finn fram til den beste leverandøren av tenester også på Svalbard? Forhåpentlegvis kan nokon gi klare svar på desse spørsmåla i nær framtid.

Til då kan me gleda oss over at lokale eldsjeler tek tak i dei små og nære problema. Hundebæsjen blir fjerna, og frivillige vaksne skal følgje utelivet med ramneblikk.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Nøkkelord

Siste nytt i Leder

Felles ansvar

Liten eller stor bedrift. Det er ikke det som skal avgjøre om en arbeidstaker skal ha ordnede og anstendige arbeidsvilkår. Det bør være et krav både i den minste og den største bedriften.

Viktig arena

Debatten må være basert på riktig fakta.

Erfaringsoverføring er viktig

Åremål kan være formålstjenlig i noen få maktposisjoner, men i hovedsak bør den avskaffes.

Må sikre lokal beredskap

Ukens lederartikkel i Svalbardposten.

Sekken full

Meldingen som legges fram bør være mer konkret på hva staten faktisk vil og kan bidra med.

Svalbardmelding på dagsorden

– Nå er det viktig at innbyggerne engasjerer seg

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!