Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

– Kvifor er ikkje engasjementet like stort for lokalt søppel?

FOTO: Christian Nicolai Bjørke

– Kvifor er ikkje engasjementet like stort for lokalt søppel?

«Så treng me ikkje å snakke høgt til turistane om at kloakk og matavfall går ureinsa rett på fjorden.»

Tekst:

Publisert:

Kvart år er det tema. Søppelet som flyt rundt om i byen. Brusboksar, plastikk, gamle pallar som nokon har flytta frå, hundebæsj og vrak av skuterar og bilar. Det ligg i grøfter, på tundra, rundt husa, på lekeplassar og klistrar seg til flyplassgjerdet.

Tonn på tonn med søppel kjem flytande til oss frå havet og rek i land på Svalbards strender. Det hissar me oss opp over, og folk i fleng søker om å få lov til å vera med Sysselmannen ut på tokt for å plukka det opp. Kvifor er ikkje engasjementet like stort for lokalt søppel? Heng også det saman med den store utskiftinga av folk? At Longyearbyen ikkje er ordentleg heime. At ein ikkje har hagar og blomsterbed ein vil nyte synet av og gjera det pent rundt seg?

Sidan folk ikkje ryddar rundt seg på eige initiativ, er det bra Longyearbyen lokalstyre kvart år tilset ungdommar som kan rydde. Bra er også initiativet frå Svalbard Reiseliv om å rydde byen før turistane kjem, sjølv om det er rart at me må ha andre å rydde for. At det ikkje er motivasjon nok å rydde for naturen og oss som bur her.

Så treng me ikkje å snakke høgt til turistane om at kloakk og matavfall går ureinsa rett på fjorden. I røyra kan det også gå kjemikaliar og miljøgifter, og signalet frå Sysselmannen i fjor var at avløpsvatnet bør rensast. I forslaget til ny arealplan for Longyearbyen er det satt av et område til å bygge reinseanlegg. «Det er sannsynlg at det på sikt vil bli strengere krav til rensing i Longyearbyen», står det der. Lenger er ikkje saken komen her, men vetle Ny-Ålesund fekk eit slikt anlegg i fjor.

Så får me håpe dei ikkje ser så nøye på bakken rundt seg, desse turistane, men heller på dei flotte fjella, på dei historiske husa og på den speglblanke fjorden.

God helg i sommaren!

Nøkkelord

Siste nytt i Leder

Gratulerer

Store Norske har betydd mye for mange.

Klarere retning

Nå må det settes fart i det videre arbeidet.

Ikke prioritert nok en gang

Det er en stor jobb å prioritere hva som er riktig pengebruk.

Været gjør  noe med oss

Selv om dette har vært en hendelse vi helst skulle vært foruten, så har det vært en læringssituasjon som kan være nyttig.

Ble hørt

Om de konkluderer med at noen skal straffes eller ikke er det uansett viktig at etterforskningen gir flere svar.

Svikter byen

Sysselmannen, lokalstyre og sykehuset i Longyearbyen har ikke vært informert under prosessen. Dette er sterkt beklagelig. Den 14. november samles direktørene i de regionale helseforetakene for å beslutte fremtidig ambulansefly-struktur.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!