Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Kven skal skimaratonet vera for? Dei betalte kjendisløparane som kjem oppover? Maraton-fantastar?

 

Leder:

Kven skal skimaratonet vera for? Dei betalte kjendisløparane som kjem oppover? Maraton-fantastar?

Litt pusterom, takk

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
12.05.2016 kl 15:26

Førre fredag kom hurtigruteskipet «Fram» fløytande inn Advent­fjorden for første gong denne sesongen. Dei første cruise­turistane tok bilete av julenissepostkassen. Laurdag morgon ei dame med knall grøn jakke og rosa lue. Klikk, klikk, og eit stort smil i sola. Samstundes sette guida følgjer kursen inn dalen med tommelen på gassen og snøsprut bak beltet. Kondomkledde kvinner og menn staka seg bortetter sletta i Todalen på lette, tynne ski.

Den eine sesongen går over i den andre. Mellomsesongen er på veg bort. Av og til må også dei lokale få litt pusterom. Skiløypene i Todalen var ein stad ein kunne puste. Utan våpen og med matstasjonar undervegs.

Men med over 870 løparar i løypa må ein stokka føtene sine vel. Då løpet vart FIS-renn i fjor, vart det uttrykt ønske om å korte ned på tida løparane kunne nytta på turen. Tidlegare hadde dei åtte timar på seg før arrangørane henta dei inn. No er det 5,5 timar for dei som går turrenn og 5 timar for dei som går på tid, ifølge programmet. Det kan bli knapt for dei som ikkje er fødde med karbonski på beina.

Kven skal Svalbard Skimaraton vera for? Dei betalte kjendisløparane som kjem oppover? Maraton-fantastar frå fastland og utland? Arrangørane? Folk i Longyearbyen?

Årets arrangement hadde noko for alle. Vêret var knall. Løparane mange, smila store og ingen vart henta inn frå løypene utan at dei sjølve ytra ønske om det. Så er det berre å håpe at dei som ynskjer å teste seg sjølve, eller berre kose seg i løypa, får mogelegheit til å gjennomføre maraton også i framtida. Sjølv om dei nyttar 6,5 timar på turen.

Og tilbake til pusterommet. Nokon foreslo at det burde opne ein sommarkafé i cruisesesongen. Det er ein god idé. Gjerne i Sjøområdet med uteservering, utsikt mot fjorden og god kaffe.

Nøkkelord

Siste nytt i Leder

Gratulerer

Store Norske har betydd mye for mange.

Klarere retning

Nå må det settes fart i det videre arbeidet.

Ikke prioritert nok en gang

Det er en stor jobb å prioritere hva som er riktig pengebruk.

Været gjør  noe med oss

Selv om dette har vært en hendelse vi helst skulle vært foruten, så har det vært en læringssituasjon som kan være nyttig.

Ble hørt

Om de konkluderer med at noen skal straffes eller ikke er det uansett viktig at etterforskningen gir flere svar.

Svikter byen

Sysselmannen, lokalstyre og sykehuset i Longyearbyen har ikke vært informert under prosessen. Dette er sterkt beklagelig. Den 14. november samles direktørene i de regionale helseforetakene for å beslutte fremtidig ambulansefly-struktur.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!