Kalde, varme strålar

Leder – 8. mars 2013

Publisert

Plutseleg var ho der. Midt i fleisen. Iskald, men med varme likevel. Ein tjuvstart førre veke, like utanfor byen. I dag finn ho vegen ned i dalføret vårt for første gong i år, om ikkje skyene legg seg i vegen. Det har dei gjort dei åtte siste åra, men det gjer jo ikkje så mykje det heller, så lenge me veit at ho er der.

Og med lyset er det som om byen vaknar til liv. Snøskutarane susar rundt som lukkelege bier, det er solkafé, eventyrdag, foredrag, debattar, konsertar og talentkonkurranse og slik held det fram. Politikarar og foreiningar engasjerar seg i oss og i byen, og denne veka er det fleire saker det vert kjempa for, som kvinner sine rettar.

Næringslivet og lokalpolitikarar har hatt ein eigen konferanse og skal staka ut ein felles kurs. Aeco ser på retningslinjene for ferdsel framfor brefrontar etter ulukka førre sommar. For sjølv om cruiseselskapet Grands Espaces, ifølge vitne, følgde anbefalingane frå Norsk Polarinstitutt og Aeco om avstand til bre, hjelpte ikkje det. Gummibåten med turistar vart treft av isklumpar under safari i Ymerbukta, og ei kvinne døydde.

Svalbard Næringsforening tek tak i pakketillegget me alle må betala. Når ein sender bursdagsgåver og andre helsingar til vener og kjente på fastlandet må ein mest betala like mykje i porto som det sjølve gåva kostar. Då er det berre å lata att augo, pusta med magen og trekka kortet. Nett som når ein handlar frukt og mjølk på Svalbardbutikken.

Men så er det jo dette, at me bur heilt her nord og likevel får post kvar dag og kan drikka fersk mjølk og skrella appelsinar. Kor mykje kan me klaga før dei med pengesekken der sør vert lei av oss? Me er allereie dyre i drift. Men dyrare og fattigare blir me utan eit mangfaldig og robust næringsliv. Det skal ikkje vera vanskelegare å driva ei bedrift her enn på fastlandet. Gründerar som kjem til oss med gode idear, og etablerte bedrifter, må ikkje gi opp og dra herfrå. Då er det viktig å leggja til rette og fjerna ulemper som øydelegg for utvikling. Og det er viktig at næringslivet sjølv tek grep.

Men med så mykje engasjement og opplegg i ein liten by kan det fort verte for travelt. Så travelt at ein skulle ynskja ein kunne få ein ekstra dag i veka. Det vil i alle fall Pia Bronken Eidesen (8), som me skriv om i denne avisa, ha. Pia hadde solbriller i lomma då ho rappa på scena i kulturhuset. I dag er det på tide å ta dei på. Det er sol!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS