Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

– Ikkje naudsynt å presse folk ut med åremål

 

– Ikkje naudsynt å presse folk ut med åremål

Svalbardposten mener.

I 17. mai-toget gjekk dei alle saman. Folk som har vore her lenge, dei som nett er komne og dei som berre tek seg ein sving innom. Snart kjem tida då mange pakkar konteinarane sine og kastar loss. Dei er vener, kollegaer, trenarar, musikarar, smilarar. Dei sørger for tippekupongar og at ungane dine har det fint i barnehagen. Førre veke skreiv Svalbardposten at heile den administrative leiinga i Longyearbyen lokalstyre sluttar til sommaren.

Folk drar av ulike grunner. Nokon har mista jobben, andre vil tilbake til familie og fastlandsvener, og nokon er nok faktisk gått lei av austavind, sludd i mai og skuterparfyme i nasen. Det er spesielt synd at folk som har jobb og ikkje ynskjer å dra også pakkar saman. På Skjæringa er det framleis åremål. Årsskiftet 2004/2005 vart åremålsordninga til Sysselmannen diskutert, og utvida frå fem til maks seks år. Justisdepartementet vurderte å la nokre stillingar bli faste, men konkluderte med at det ville vera uheldig med to sett med personalpolitikk. Argumenta for åremål er at det sikra breiast mogeleg rekrutteringsgrunnlag, og at Svalbard framleis er så spesielt at det kan vera lurt å ha ei viss utskifting.

Dette er argument frå meir enn ti år tilbake. Er dei framleis gyldige? Sysselmannen får stadig fleire tilsette, både byråkratar og politifolk. Dei skal syta for at regelverket vert handsama slik det er tenkt. Dei lagar forvaltningsplanar, skal kjenne naturen, historikken og kulturen, og redde oss om me er ille ute.

Seks år er kanskje lenge nok for nokon, og over snittet for ein svalbardbuar. Problemet er at det nok sit langt inne for arbeidsplassen på fastlandet å gi nokon permisjon så lenge. Sidan jobben på Svalbard ikkje er fast, vert mange verande eit par år før dei med kniven på strupen drar. Så snart folk byrjar koma inn i systema så sluttar dei att. Historieløyse er eit reelt problem. Spesielt kan det bli det alvorleg hjå Sysselmannen som er øvst på maktstigen på øygruppa. Dei raude trådane må strekka seg lenger enn ein åremålsperiode.

Det er fullt forståeleg at sysselmannen sjølv har åremål. Det same for miljøvernsjefen og kanskje politioverbetjenten. Men resten burde få sitja på andre sida av dalen så lenge dei vil. Tal frå skattekontoret viser at 24 prosent av befolkninga vart skifta ut i fjor. Det burde ikkje vera naudsynt å presse folk ut med åremål i tillegg.

Til alle dykk som har bestilt flyttekonteinaren allereie: lukke til og på gjensyn.

Nøkkelord

Siste nytt i Leder

Viktig arena

Debatten må være basert på riktig fakta.

Erfaringsoverføring er viktig

Åremål kan være formålstjenlig i noen få maktposisjoner, men i hovedsak bør den avskaffes.

Må sikre lokal beredskap

Ukens lederartikkel i Svalbardposten.

Sekken full

Meldingen som legges fram bør være mer konkret på hva staten faktisk vil og kan bidra med.

Svalbardmelding på dagsorden

– Nå er det viktig at innbyggerne engasjerer seg

Folk og isbjørn

Sysselmannen må sørge for tiltak som gjør at konfliktnivået mellom isbjørn og mennesker blir lavest mulig.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!