Draumar i grus

Leder – 16. november 2012

Publisert

Då den første snøen lava ned og la seg som eit kvitt, fast teppe på bakken, vart det fullt liv i Hilmar Rekstens vei. Stødige og mindre stødige studentar staka seg til og frå Unis på ski. Born gjekk på ski til skulen, eller susa av garde på spark. Så kom grusen. Over heile vegbana og vel så det. Og i gågata. Då vart det stopp.

Det bør gå an å legge til rette for folk som ynskjer å koma seg til jobb og skule utan bil. Sjølvsagt skal det ikkje vera skøytebane på vegane, men når det er snø som dekker vegbana kan strøarane spara på grusen. Så treng dei kanskje ikkje nytta pukk i slutten av sesongen heller. Og kven betalar for all denne grusen?

Førre veke spurte me nettlesarane våre kva dei tykkjer om strøinga av gatene i byen. 20 prosent meiner det vert strødd for lite, 37 prosent er nøgde med jobben som vert gjort, medan 43 prosent tykkjer det vert for mykje grus.
Det er sikkert fleire av skuleborna som hadde hatt godt av å ta ski eller spark fatt i staden for å sitje i bilkolonne til skulen på morgonane, eller i skulebussen. Og me hadde nok ikkje teke skade av å gå til jobben, me vaksne heller. Lange biten er det ikkje, uansett kvar ein bur. Etter vel ei veke med håplause forhold for ski og meiar, dalte lukka ned frå himmelen, lett og kvit på måndag. Håpar ho får liggje ubesudla ei god stund til.

Måndag kom det fleire meldingar frå himmelen. Den eine med eit hint av grønt til dei seks himmelforskarane våre - dei som følgjer med på solvindar, og partiklar som kolliderar. Unis får vera med i eit «senter for fremragende forskning», som er oppretta av Norges forskningsråd. Pengane som følgjer med utmerkinga, kan føra til fleire auge som kiker mot himmelen i nord i åra som kjem.
Den andre nyhenda kom frå SAS som var nær ved å måtta setja flya på bakken. Framleis har dei mindre inntekter enn utgifter. Heile året flyg SAS til Svalbard. Med fulle og mindre fulle fly. Dei må ikkje, men dei gjer det likevel, noko dei grunngjev med samfunnsansvar. Me får håpa dei kjem seg over kneika og at dei har råd til å ta oss til himmels også i tida framover. Om ikkje, blir det ein lang tur heim til jul.

God helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS