Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Svalbardmeldingen:

«Det overraskande og skumle er fråveret av ordet robust»

Leder.

Tekst:

Publisert:

Så kom dei nordover.

Statssekretær Gjermund Hagesæter (FrP)i justis- og beredskapsdepartementet og stortingsrepresentant Regina Alexandrova (H). Med ei rykande fersk Stortingsmelding, forslaget til kva som skal skje med oss vidare.

Det meste er berre ein repetisjon av det me allereie veit. At nye næringar må ta over for Store Norske. Reiselivet og andre små næringsbedrifter skal saman med forsking og undervisning skal stå for arbeidsplassane i tida framover. Innovasjon Norge hjelper til, og statlige arbeidsplassar kan flyttast nordover. At det er snakk om mange årsverk, er vel lite truleg.

Det overraskande og skumle er fråveret av ordet robust. Den førre stortingsmeldinga om Svalbard slo fast at me skulle vera eit robust familiesamfunn. Det skal me ikkje lenger. Den nye nyttar konsekvent vendinga levedyktig lokalsamfunn.

Kva meiner Justis- og beredskapsdepartementet med det? Skal ikkje samfunnet vera like sterkt og hardfør som tidlegare?

Skal det ikkje tenkast like langsiktig? Skal ikkje Svalbard prioriterast? Vil dei godta at me blir færre her nord? Vil «levedyktig» bli kasta tilbake på oss som argument seinare når Longyearbyen lokalstyre søker om midlar til tenesteyting? «De er levedyktige utan symjebasseng og kino. Om alle pengane må gå til energiverk og anna teknisk infrastruktur for å halde det i gang, så må dei det.»

For Energiverket kjem dei ikkje med noko løysing på. Ikkje eit ord om fortgang for å finna ny energiberar eller å starta jobben med å bygge eit nytt hjarta i byen. Dei snur heller på problemstillinga. Dei ynskjer ikkje nye, store bedrifter som krev «betydelige investeringer i infrastruktur».

Dei som blir lova rom til å utvikle seg, er reiselivet. Stortingsmeldinga foreslår å «legge bedre til rette» for turisme i Forvaltningsområde 10, som med anna omfattar Isfjordområdet og nærområda rundt lokalsamfunna.

Dei vil lage en plan der både bygging av nye næringshytter og bruk av midlertidige installasjonar er med. Sherpastiar vart også nemnt av Hagesæter. Altså fleire turistar og større inngrep i nærområda til Longyearbyen, i den uberørte naturen som mange kjem for å oppleva. Er det levedyktig?

Siste nytt i Leder

Felles ansvar

Liten eller stor bedrift. Det er ikke det som skal avgjøre om en arbeidstaker skal ha ordnede og anstendige arbeidsvilkår. Det bør være et krav både i den minste og den største bedriften.

Viktig arena

Debatten må være basert på riktig fakta.

Erfaringsoverføring er viktig

Åremål kan være formålstjenlig i noen få maktposisjoner, men i hovedsak bør den avskaffes.

Må sikre lokal beredskap

Ukens lederartikkel i Svalbardposten.

Sekken full

Meldingen som legges fram bør være mer konkret på hva staten faktisk vil og kan bidra med.

Svalbardmelding på dagsorden

– Nå er det viktig at innbyggerne engasjerer seg

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!