Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

– Det er no me har sjansen, det er no toget går

 

– Det er no me har sjansen, det er no toget går

Leiar.

Tekst:

Publisert:

Byen skal rammast inn på nytt. Svalbardmeldinga skal gi dei store føringane, sei kvar me skal som samfunn. Arealplanen skal legge til rette for at dei som vil bu her og halda på med sitt, har ein stad å vera. Mykje av framtida skal avgjerast no. Me er avhengige av at folk engasjerer seg, stiller spørsmål og av og til roper høgt. Det gjeld for både store og små saker. Kvar skal husa ligge, kvar skal me ake om vinteren?

Heile 68 innspel kom det til den nye arealplanen som var ute på høyring. Det er eit mylder av kreative idear, engasjement og virketrang. Mange vil vokse eller bli nye, ha litt større plass. Det lover godt i ein by som vaklar, fordi det eine beinet er amputert.

Høyringsfristane har gått ut, men både meldinga og arealplanen skal vedtas politisk. Det er derfor framleis tid til å heve si røyst. Det er no me har sjansen, det er no toget går. Når arealplanen er vedteken, er det ikkje mogeleg å dispensere frå den. Då er alt låst, kanskje for ti år fram i tid.

Men så er det jo også slik at det kan vera betre å be om tilgjeving enn tillating. Nausteigarane som tok nausta sine i bruk som bustader, tok sjansen og vann. Det same gjorde dei som bygde nye naust. Frå å vera ulovleg vart det litt lov å bu der, så litt meir lov. Lokalstyret og Sysselmannen såg mellom fingrane på ulovleg bruk.

I dag er fritidsbustadene nede ved sjøen definert som hytter. Det vil seie at dei berre kan leigast ut og seljast til fastbuande eller tidlegare fastbuande. Så får me sjå korleis den endelege ordlyden blir i den nye arealplanen, og kva som blir utfallet i saken mellom Reistad Consult og Miljø­direktotatet. Reistad har gått til sak om det han meiner er feil bruk av Svalbard­miljølovens hytteparagraf. Om utfallet blir at nausta til slutt kan nyttast til bustad og utleiestader for turistnæringa, er det mange som vil tene store pengar på det.

Det blir spennande å sjå korleis byen ser ut om ti år. Om det ligg nye bustader ved foten av Skjæringa. Om avfallsanlegget ligg i nærleiken av flyplassen og om studentane flytter inn på Blåmyra i staden for i nye blokker på Sjøskrenten. Om turistar velter ut av nausta i sesongen og om bilvrak eller kaféar og kunst rammar inn inngangen til fjorden. Det avhenger også av om lokale styresmakter vil sette foten ned for ulovlig bruk i tida som kjem.

God helg, det er mykje å glede seg til!

Siste nytt i Leder

Viktig å minnes  i fellesskap

Også tragedier er en viktig del av vår historie

Gratulerer

Store Norske har betydd mye for mange.

Klarere retning

Nå må det settes fart i det videre arbeidet.

Ikke prioritert nok en gang

Det er en stor jobb å prioritere hva som er riktig pengebruk.

Været gjør  noe med oss

Selv om dette har vært en hendelse vi helst skulle vært foruten, så har det vært en læringssituasjon som kan være nyttig.

Ble hørt

Om de konkluderer med at noen skal straffes eller ikke er det uansett viktig at etterforskningen gir flere svar.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!