Alle spørsmåla

Leder – 23. november 2012

Publisert

På veg mot stupet. Slik karakteriserte Håvard Moe i KS-Konsulent Longyearbyen lokalstyre sin økonomi i sommar. I ein rapport peika konsulentfirmaet på høg pengebruk. Dei nemner årsaker som lønstillegg, betalt feriereise, gamle statlege arbeidsavtalar og gunstige forsikringsordningar. «Men det kan også skyldes at man har en høy ressurstilgang og derfor bruker mer penger enn mange andre kommuner - rett og slett fordi man har råd til det», står det i rapporten.

Tysdag vart politikarane i Administrasjonsutvalget (AU) samde om budsjettforslaget for neste år. Det heile flaska seg fint til, og det utan dei store kutta som AU varsla tidlegare i år. Korleis kan det henga saman med konsulentens bekymringar? Det kan sjå ut til at Longyearbyen lokalstyre held fram å nytta pengar mest som før, fordi politikarane meiner staten bør ta seg av dei store utgiftene til Longyearbyen lokalstyre (LL). Ikkje ei einaste krone er satt av til å ta igjen etterslep på vedlikehaldet, ein raud post på rundt 200 millionar kroner. Det vil mest sannsynleg føre til ei enda større rekning på vedlikehald i tida som kjem.

Ut frå KS-rapporten må det vera fleire kraner å skru att i LL-systemet. Både store og små. Før jul skal ein ny rapport om kva organiseringa av LL kostar vera klar. Meir enn det smakar, vert nok svaret der. Politikarane skal fordela våre pengar. Dei skal prioritera kor mykje som skal gå til løn, gode og bustadar til LL sine tilsette og kor mykje som skal nyttast til vegarbeid, vedlikehald av fellesskapets bygningar, til kultur og til kino. Det vert snakka om å snu alle steinar. Då må alt som ligg under desse steinane også undersøkast og settast lys på.

Budsjetta til husstandane og bedriftene i byen vert trongare i 2013, om forslaget frå AU får fleirtal i lokalstyret, sjølv om det også kunne gått verre. Straumprisen aukar frå 1,42 kroner til 1,52 kroner per kilowattime, og gebyret for renovasjon aukar med 12 prosent frå 4.623 kroner til 5.171 kroner for bustadar. I alle fall for dei som betalar sjølve.

I samband med budsjettarbeidet er Svalbardpostens nettspørsmål denne veka: «Hva synes du om at samtlige av Longyearbyen lokalstyres ansatte får julegave og julebord?» Onsdag ettermiddag meinte 43 prosent av nettlesarane våre at byen ikkje har råd til det i år, 45 prosent meiner at det fortenar dei, medan 11 prosent ikkje bryr seg. Spørsmålet har skapt sterke reaksjonar og har resultert i eit lesarinnlegg i dagens avis.

Nokon som er gode til å svara på kinkige spørsmål, er dei fire som måndag vart tekne ut til å representera Longyearbyen i NRK-programmet QuizDan. I januar skal dei representera oss i beste sendetid, i «Gullrekka». All honnør til byens kjappe hovud.

Heia Longyearbyen og god helg!

Line Nagell Ylvisåker

Powered by Labrador CMS