Leserinnlegg:

Tussmørket sine blå fjell

Sedd frå byen eller Vestpynten: Klår himmel, sola under synsranda på veg ned, fløyelsmjukt i lyseblått skymest tinderaden frå Protektorfjellet til Bertilryggen.

Publisert

Solstrålar gjev enno lys til atmosfæren høgt over bakken. Luftgassar sine molekylar, trefte av lys, sving og sjølve send ut «spreidd» lys. Spreidd lys er lys som har fått endra si retning. Det skjer kraftigast frametter, bakover og sideverts, sedd frå sola. Landskapet i nordvest og nord, i mars om lag rettvinkla til retninga frå sola til oss, får difor mykje spreidd lys ned frå senit-himmelen.

Blått vert spreidd langt kraftigare enn raudt. Det meste av blått er spreidd bort i lyset som har gått den optisk lange vegen i atmosfæren over oss. Berre lågast over tindane, svært fjernt i ytste atmosfære, kan vi sjå eit veikt rosa skjær etter lite spreidd raudt. Oppover mot senit går fargen over i tynt lyseblått. Det lyset fyller luftrommet over de snødekte fjella og let oss sjå landskapet skjønt sola er borte for oss. Til blått lys bidreg òg oson-laget som absorberer andre delar av sollyset.

Blått lys kasta attende frå snødekte fjell vert ytterlegare spreidd og svekt langs med vegen til oss, på same tid blanda opp med spreidd blått frå himmelen over Isfjorden. For auga står fjella fram som ein blå vegg. Energien i blått er sterkare enn synsinntrykket fortel. For auga er ikkje følsame proporsjonalt med energien i lyset. Mest følsame er dei for grønt.

Små partiklar i lufta, støv og fukta salt, store som eller større enn lysets bølgjelengder, spreier lyset mindre avhengig av spektralfargane. Det gjer at vi ser fjella lysare, i meir kvitblanda blått, enn tilfellet hadde vore i rein og relativt tørr luft.

Reinhard Mook

Longyearbyen

Powered by Labrador CMS