Økosystembasert forvaltning – og undervisning

Studenterpå tokt.

Unis-studentar sorterer prøver etter botntråling. Frå venstre mot høgre: Tom Langbehn, PINRO-forskar Tatiana Prokhorova, Libe Aranguren og Lisette van Noord.
Publisert
UNIS-studentane Lars-Henrik Larsen og Isabell Eischeid viser fram ein makrell frå den sørlege delen av studieområdet.

Universitetssenteret på Svalbard (Unis) og Havforskingsinstituttet (HI) starta i fjor eit nytt samarbeid gjennom kurset «Ecosystem based management of Arcitc marine systems» – økosystembasert forvaltning av marine system i Arktis. Kurset har som grunntanke at studentane skal lære teori og metodar om temaet, og ein viktig del i kurset er å også få kjenne feltarbeid og datainnsamling på kroppen. Vi er nyleg inne etter tokt, ei god veke på havet med forskingsskipet «G. O. Sars». Toktet er ein del av eit stort overvakingsprogram som HI og det russiske havforskingsinstituttet PINRO samarbeider om. Kvar haust deltar fleire forskingsskip samtidig for å dekke heile Barentshavet. På stasjonane målte vi fysiske variable, studerte plankton, tråla etter fisk og brukte akustikk for å studere fiskemengder, og frå brua talde vi sjøfuglar langs rutenettet toktet følgjer. Reker er målt, fiskemagar er samla, og øyresteinar frå fisk er tatt vare på for å fastslå alder. Målet er å forstå heilskapen i økosystemet og la det vere basis for forvaltningsråd, for eksempel om torske-, silde- og loddefiskeria.

Kursopplegget er inspirert av ei pågåande satsing ved Unis. Biologiavdelinga ved Unis deltar i bioCEED – senter for fremragende utdanning i biologi, leia av Universitetet i Bergen og med HI og Unis om samarbeidspartnarar. HI har ein sentral rolle som mogleg arbeidsgivar for studentane og som sluttbrukar av deira kompetanse. Unis byr på undervisning i små grupper og med feltarbeid som ein viktig del. Dette har vi kombinert i kurset. Før toktet var det forelesingar ved Unis for å sikre felles teoretisk ballast. Og på havet var det praksis. Slik håper vi teori og praksis kan utvikle seg i lag mot betre økosystembasert forvaltning.

Studentane har kome langt i studia sine og er del av master- eller PhD-program ved heimeuniversiteta sine. Dei er flinke og nysgjerrige. På havet har studentane hausta verdifulle erfaringar frå den rutinerte HI-staben og med stor iver tatt del når prøver skulle sorterast, vegast og målast. Vi takkar mannskapet på «G. O. Sars» for flotte dagar på havet og for svært god tilrettelegging. Økosystem er komplekse, og endringar er krevjande å spore og forstå. Men vi prøver – og ser fram til fleire tokt i lag.

Powered by Labrador CMS