Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Svalbards største innsjø utan namn

I terrenget: Den namnlause innsjøen er det raudbrune på bildet, og ligger i moreneområdet innerst i Ekmanfjorden. Fjellet er Siljanfjellet, med Orsabreen på høyre siden og Morabreen til venstre. Lengst til venstre er Holmströmbreen. FOTO: NORSK POLARINSTITUTT

Svalbards største innsjø utan namn

Bli med og bestem hva Svalbards største innsjø skal hete.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
11.01.2013 kl 08:29

Svalbards største innsjø har dukka opp på nye flyfoto. Det spesielle namnlause vatnet kan bli borte igjen. Har du eit godt forslag til kva det skal heite i mellomtida?

Som kjent er Mjøsa Noregs største innsjø. Den er 365 kvadratkilometer stor. Sånn har det vore lenge. Nest største innsjøen er Røssvatnet på 219 kvadratkilometer. Den blei faktisk mykje større og gjekk forbi Femunden, som er 204 kvadratkilometer, i 1957 då den ble regulert i samband med kraftutbygging. Men slike «forbikøyringar» er nok unntak.

Svalbard er som kjent meir prega av isbrear enn av store innsjøar. Femmilsjøen, langt nord i Ny-Friesland, er 7,7 kvadratkilometer, og av dei største på øygruppa. Men kva er den aller største innsjøen på Svalbard? Tidlegare var svaret Brånevatn­et på Nordaustlandet, med eit areal på om lag 9 kvadratkilometer – litt avhengig av Austfonnas utvikling.

Svalbards største innsjø er så fersk at den ikkje har fått noko namn ennå! Den ligg i fronten av Holmströmbreen, inst i Ekmanfjorden. Tidlegare låg her to småvatn, viser flyfoto frå 1966. Så har breen gradvis trekt seg tilbake, og morenen har demma opp smeltevatnet.

Rettare sagt, tre isbrear møtest i dette området: Holmströmbreen, Morabreen og Orsabreen. Desse har til saman trekt seg så kraftig attende at det har oppstått eit stort søkk bak morenen, der smeltevatnet no utgjer den største innsjøen på Svalbard. Med 17,3 kvadratkilometer er dette mest dobbelt så stort som Brånevatnet. Til samanlikning er Adventfjorden om lag 23 kvadratkilometer stor.

På nye flyfoto frå 2009 framstår vatnet som eit raudbrunt område. Dette som eit resultat av at breane ligg på fjell som består av raudbrun devonsk sandstein. Men kor lenge vatnet vil vera så stort, er vanskeleg å seia.

Dei geologiske forholda tilseier at vatnet er demma opp av ein frosen morene. Denne iskjernen i morenematerialet vil etter kvart smelta. Vatnet har utløp i ei stri elv med 17 meter fall ned mot fjorden. Dette rennande vatnet vil grava seg nedover i morenen og etter kvart gi auka drenering. Nyare bilde frå 2011 tyder på at prosessen alt er i gang.

Det kan til og med tenkast at morenen vil kollapsa ein eller annan stad, slik at vi får eit brått vassgjennombrot. I Himalaya skjer slike prosessar i stor målestokk og vert kalla GLOF (glacier lake outburst flood). Fenomenet er livsfarleg for folk og dyr nedover dalen. Heldigvis er ikkje forholda så dramatiske på Holmström­øyra, men turfolk bør passa seg, særleg om våren og sommaren.

På siste møtet rett før jul bestemte Norsk Polarinstitutts namnekomité at vatnet bør få eit namn, sjølv om det neppe vil stå på kartet i svært mange år. Vi vil invitera alle interesserte til å sende inn namneforslag til komiteen. Hugs at namnet må vera i nynorsk språkform og bør ha ei god grunngjeving. Namn skal i våre dagar heller ikkje innehalda oppkalling etter einskildpersonar.

Adresse til namnekomiteen:
oddveig.oien.orvoll@npolar.no

Se bildet større

Vår største innsjø: Her er Svalbards største innsjø på kartet. Den ligg i fronten av Holmströmbreen. FOTO: Kart: Norsk Polarinstitutt

Siste nytt i Eksterne artikler

Nye flammehemmere på Svalbard

Forskere vil finne ut hvor utbredt flammehemmere er i Svalbard-naturen og hvor de kommer fra.

I grenselandet (mellom Tull og Thule)

Forskere og studenter tilknyttet et biologi-kurs ved Unis har akkurat kommet tilbake fra tokt – et tokt som hadde tatt mål av seg å skaffe innsikt i et miljø svært få tidligere har kunnet studere på nært hold, nemlig brefronter.

Hva sier rød jaktstatistikk om svalbardrypenes tilstand?

Samtidig som forskernes tellinger viser flere ryper, feller jegerne færre fugl.

Jegerdata skal gi ny kunnskap

Reinsdyrforskere ønsker at jegerne skal veie byttet i felt. (Ekstern artikkel)

Et sted der ute venter noe fantastisk på å bli oppdaget

Havet og mørket bærer på hemmeligheter og kan virke skremmende på oss mennesker. Hva – og hvem – gjemmer seg i det våte, kalde, mørke og dype havet?

Raske endringer i Isfjorden

Håp om is på fjordene.

Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!